OGAE Second Chance Contest 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
OGAE Second Chance Contest 1987
Dato
Finalen 1987
Vertskap
Stad EuroPaíses Bajos.svg Huizen i Nederland
Kringkastar EuroPaíses Bajos.svg OGAE Nederland
Deltakarar
Deltakarland 4
Debuterte EuroPaíses Bajos.svg
EuroNoruega.svg
EuroReino Unido.svg
EuroSuecia.svg
Vinnar
Land EuroSuecia.svg
Song «Högt över havet»
Artist Arja Saijonmaa
OGAE Second Chance Contest
Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg OGAE Second Chance Contest 1987

OGAE Second Chance Contest 1987 (OGAE SCC 1987) vart den fyrste gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Huizen i Nederland. Sverige vann tevlinga med songen «Högt över havet», framførd av Arja Saijonmaa.

Fire land var med i den fyrste tevlinga - Nederland, Noreg, Storbritannia og Sverige - og kvart land deltok med to songar kvar. Det er den fyrste og førebels einaste gongen kvart land har delteke med to bidrag kvar.

For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 1987 måtte ein ha delteke i av dei nasjonale uttakingane til Eurovision Song Contest 1987, men hadde ein vunne ein nasjonal uttaking fekk ein ikkje delteke.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Kvart land deltok med to songar kvar. Sverige vann. Det fyrste bidraget til Noreg og det andre bidraget til Nederland enda på ein delt andreplass og det fyrste bidraget til Sverige og det andre bidraget til Noreg enda på ein delt sjetteplass.

# Land Artist Song Språk Nasjonal uttaking Poeng Plass
01 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Ann Turner «Too Hot To Handle» Engelsk Andreplass 016 04
02 Flag of the Netherlands.svg Nederland Marcha «Big Ben of Notre-Dame» Nederlandsk Andreplass 014 05
03 Flag of Norway.svg Noreg Kjersti Bergesen «Go-Go» Norsk Tredjeplass 020 02
04 Flag of Sweden.svg Sverige Cyndi Peters «När morgonstjärnen brinner» Svensk Tredjeplass 012 06
05 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Zuice «Bless Your Lucky Stars» Engelsk Tredjeplass 006 08
06 Flag of the Netherlands.svg Nederland Marcha «Morgen» Nederlandsk Tredjeplass 020 02
07 Flag of Norway.svg Noreg Håkon Iversen «Mange millioner» Norsk Andreplass 012 06
08 Flag of Sweden.svg Sverige Arja Saijonmaa «Högt över havet» Svensk Andreplass 024 01

Kjelder[endre | endre wikiteksten]