Noreg i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noreg
EuroNoruega.svg
Kringkastar NRK
Uttakingar
Nasjonalt 51
Internt 1
Deltaking
Debutår 1960
Deltakingar 52
Beste resultat
Semifinalen 1 (2009)
Finalen 1 (1985, 1995 og 2009)
Verste resultat
Semifinalen 18 (2007)
Finalen Sist: 26 (2012), 24 (1997 og 2004), 22 (2001), 21 (1990), 20 (1978 og 1981), 18 (1976), 16 (1969), 14 (1974) og 13 (1963)
Poeng
Semifinalane 614
Finalane 2626
Totalt 3240

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest 1960 med songen «Voi Voi», framførd på norsk av Nora Brockstedt. Landet har deltake kvart år, med unntak av 1970 og 2002. Bidraga vert valde i den nasjonale finalen, Melodi Grand Prix. I 1985 vann Bobbysocks Eurovision Song Contest med songen «La det swinge», i 1995 vann Secret Garden med songen «Nocturne» og i 2009 vann Alexander Rybak med songen «Fairytale».

Attåt desse suksessane har Noreg fått null poeng fire gonger og enda sist heile elleve gonger, noko som er rekord i tevlinga. I 2009 fekk Noreg to ny rekordar då Alexander Rybak vann 387 poeng og fekk 169 poeng meir enn andreplassen. Same år fekk Noreg òg rekorden i å få flest tolvarar i ei tevling, heile 15 gonger. Denne rekorden vart slått av Sverige då dei vann med 18 tolvarar i 2012.

Sidan semifinalen vart innført i 2004 er dei beste plasseringane til Noreg sigeren til Alexander Rybak i 2009, fjerdeplassen til Margaret Berger i 2013 og femteplassen til Maria Haukaas Storeng i 2008.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei norske bidraga har til saman vorte framførd på 14 ulike språk: norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk, nordsamisk og swahili. Noreg er i tillegg det landet som har nytta flest språk i éin song. «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart framførd på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Låtskrivar Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1960 Nora Brockstedt «Voi Voi» Norsk og finsk Georg Elgaaen 011 04
1961 Nora Brockstedt «Sommer i Palma» Norsk Jan Wølner og Egil Hagen 010 07
1962 Inger Jacobsen «Kom sol, kom regn» Norsk Kjell Karlsen og Ivar Andersen 002 10
1963 Anita Thallaug «Solhverv» Norsk Dag Kristoffersen 000 13
1964 Arne Bendiksen «Spiral» Norsk Sigurd Jansen og Egil Hagen 006 08
1965 Kirsti Sparboe «Karusell» Norsk Jolly Kramer-Johansen 001 13
1966 Åse Kleveland «Intet er nytt under solen» Norsk Arne Bendiksen 015 03
1967 Kirsti Sparboe «Dukkemann» Norsk Tor Hultin og Ola B. Johannessen 002 14
1968 Odd Børre Sørensen «Stress» Norsk Tor Hultin og Ola B. Johannessen 002 13
1969 Kirsti Sparboe «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Norsk Arne Bendiksen 001 16
1971 Hanne Krogh «Lykken er» Norsk Arne Bendiksen 065 17
1972 Grethe & Benny «Småting» Norsk Kåre Grøttum og Ivar Børsum 073 14
1973 Bendik Singers «It's Just a Game» Engelsk, fransk,
spansk, italiensk,
nederlandsk, tysk,
irsk, hebraisk,
serbokroatisk, finsk,
svensk og norsk
Arne Bendiksen og Bob Williams 089 07
1974 Anne Karine Strøm og Bendik Singers «The First Day of Love» Engelsk Frode Thingnæs og Philip A. Kruse 003 14
1975 Ellen Nikolaysen «Touch My Life (With Summer)» Engelsk Svein Hundsnes 011 18
1976 Anne-Karine Strøm «Mata Hari» Norsk Frode Thingnæs og Philip A. Kruse 007 18
1977 Anita Skorgan «Casanova» Norsk Svein Strugstad og Dag Nordtømme 018 14
1978 Jahn Teigen «Mil etter mil» Norsk Kai Eide 000 20
1979 Anita Skorgan «Oliver» Norsk Anita Skorgan og Philip A. Kruse 057 11
1980 Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta «Sámiid ædnan» Norsk og nordsamisk Sverre Kjelsberg og Ragnar Olsen 015 16
1981 Finn Kalvik «Aldri i livet» Norsk Finn Kalvik 000 20
1982 Jahn Teigen og Anita Skorgan «Adieu» Norsk Jahn Teigen og Herodes Falsk 040 12
1983 Jahn Teigen «Do Re Mi» Norsk Anita Skorgan, Jahn Teigen og Herodes Falsk 053 09
1984 Dollie de Luxe «Lenge leve livet» Norsk Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov 029 17
1985 Bobbysocks «La det swinge» Norsk Rolf Løvland 123 01
1986 Ketil Stokkan «Romeo» Norsk Ketil Stokkan 044 12
1987 Kate Gulbrandsen «Mitt liv» Norsk Rolf Løvland og Hanne Krogh 065 09
1988 Karoline Krüger «For vår jord» Norsk Anita Skorgan og Erik Hillestad 088 05
1989 Britt Synnøve Johansen «Venners nærhet» Norsk Inge Enoksen og Leiv N. Grøtte 030 17
1990 Ketil Stokkan «Brandenburger Tor av Ketil Stokkan» Norsk Ketil Stokkan 008 21
1991 Just 4 Fun «Mrs. Thompson» Norsk P.G. Roness, Kaare Skevik jr. og Dag Kolsrud 014 17
1992 Merethe Trøan «Visjoner» Norsk Robert Morley og Eva Jansen 023 18
1993 Silje Vige «Alle mine tankar» Norsk Bjørn-Erik Vige 120 05 X X
1994 Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen «Duett» Norsk Rolf Løvland og Hans Olav Mørk 076 06
1995 Secret Garden «Nocturne» Norsk Rolf Løvland og Petter Skavlan 148 01
1996 Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk Torhild Nigar og Wendell Miller 114 02 X X
1997 Tor Endresen «San Francisco» Norsk Tor Endresen og Arne Myksvoll 000 24
1998 Lars Fredriksen «Alltid sommer» Norsk David Eriksen og Linda Andernach Johansen 079 08
1999 Stig van Eijk «Living My Life Without You» Engelsk Stig van Eijk og Sem 035 14
2000 Charmed «My Heart Goes Boom» Engelsk Tore Madsen og Morten Henriksen 057 11
2001 Haldor Lægreid «On My Own» Engelsk Tom-Steinar Hanssen, Ole Henrik Antonsen og Ole Jørgen Olsen 003 22
2003 Jostein Hasselgård «I'm Not Afraid To Move On» Engelsk Arve Furset og VJ Strøm 123 04
2004 Knut Anders Sørum «High» Engelsk Thomas Thörnholm, Lars Andersson og Dan Attlerud 003 24 X X
2005 Wig Wam «In My Dreams» Engelsk Trond Holter 125 09 164 06
2006 Christine Guldbrandsen «Alvedansen» Norsk Kjetil Fluge, Atle Halstensen og Christine Guldbrandsen 036 14 X X
2007 Guri Schanke «Ven a bailar conmigo» Engelsk og spansk Thomas G:son X X 048 18
2008 Maria Haukaas Storeng «Hold On Be Strong» Engelsk Mira Craig 182 05 106 04
2009 Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk Alexander Rybak 387 01 201 01
2010 Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe 035 20 X X
2011 Stella Mwangi «Haba Haba» Engelsk og swahili Beyond51, Big City og Stella Mwangi X X 030 17
2012 Tooji «Stay» Engelsk Tooji, Peter Boström og Figge Boström 007 26 045 10
2013 Margaret Berger «I Feed You My Love» Engelsk Karin Park og MachoPsycho 191 04 120 03

Poeng[endre | endre wikiteksten]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Poeng frå Noreg
# Land Poeng
Poeng til Noreg
# Land Poeng
01 Estland 038
02 Finland 033
03 Danmark 031
04 Island 029
05 Polen 027
06 Irland 026
07 Nederland 025
08 Sverige 024
09 Litauen 022
Moldova
10 Aserbajdsjan 020
11 Spania 018
12 Russland 017
13 Latvia 016
Ukraina
14 Slovakia 014
15 Israel 013
Slovenia
Andorra
16 Malta 012
Kypros
Hellas
Bosnia-Hercegovina
Armenia
17 Romania 011
Albania
Ungarn
18 Russland 010
19 Portugal 008
Kviterussland
Kroatia
Serbia
20 Sveits 007
Storbritannia
San Marino
21 Tyrkia 006
Montenegro
22 Bulgaria 004
Serbia og Montenegro
23 Belgia 003
Frankrike
24 Austerrike 002
Makedonia
25 Tyskland 001

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Poeng frå Noreg
# Land Poeng
Poeng til Noreg
# Land Poeng
01 Sverige 172
02 Irland 133
03 Belgia 127
04 Island 112
05 Danmark 111
06 Storbritannia 109
07 Finland 102
08 Nederland 100
Tyskland
09 Portugal 080
10 Israel 078
11 Sveits 065
Spania
Estland
12 Kypros 064
13 Frankrike 062
14 Polen 054
15 Tyrkia 051
Hellas
Slovenia
16 Austerrike 050
17 Luxembourg 049
18 Russland 048
19 Malta 047
20 Italia 046
21 Latvia 043
22 Kroatia 036
23 Ukraina 034
24 Bosnia-Hercegovina 032
Ungarn
25 Jugoslavia 027
Monaco
26 Litauen 022
Kviterussland
27 Moldova 019
28 Armenia 018
29 Romania 017
30 Albania 014
Serbia
31 Andorra 013
Aserbajdsjan
Slovakia
32 Georgia 011
33 Montenegro 010
34 Makedonia 008
35 San Marino 007
36 Marokko 004
Bulgaria
37 Tsjekkia 003
38 Serbia og Montenegro 002

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar[endre | endre wikiteksten]

NRK1, fram til 1996 berre skriven NRK, har kringkasta Eurovision Song Contest kvart år sidan 1960. Frå 2013 har finalen og vorte kringkasta på NRK3 med programleiarane frå P3morgenNRK P3, som eit alternativ til den vanlege kommenteringa på NRK1.

År Kommentator(ar) Poengutdelar(ar)
NRK1 NRK3 NRK
1960 Erik Diesen (norsk) Kari Borg Mannsåker
1961 Leif Rustad (norsk) Mette Janson
1962 Odd Grythe (norsk) Kari Borg Mannsåker
1963 Øivind Johnsen (norsk) Roald Øyen
1964 Odd Grythe (norsk) Sverre Christophersen
1965 Erik Diesen (norsk)
1966 Sverre Christophersen (norsk) Erik Diesen
1967 Erik Diesen (norsk) Sverre Christophersen
1968 Roald Øyen (norsk)
1969 Sverre Christophersen (norsk) Janka Polanyi
Noreg deltok ikkje i 1970
1971 Sverre Christophersen (norsk) Ingen poengutdelar
1972 Roald Øyen (norsk)
1973 John Andreassen (norsk)
1974 Sverre Christophersen
1975
1976 Jo Vestly (norsk)
1977 John Andreassen (norsk)
1978 Bjørn Scheele (norsk) Egil Teige
1979 Egil Teige (norsk) Sverre Christophersen
1980 Knut Aunbu (norsk) Roald Øyen
1981 Sverre Christophersen
1982 Bjørn Scheele (norsk) Erik Diesen
1983 Ivar Dyrhaug (norsk)
1984 Roald Øyen (norsk) Egil Teige
1985 Veslemøy Kjendsli (norsk) Erik Diesen
1986 Knut Bjørnsen (norsk) Nina Matheson
1987 John Andreassen og Tor Paulsen (norsk) Sverre Christophersen
1988 John Andreassen (norsk) Andreas Diesen
1989 Sverre Christophersen
1990 Leif Erik Forberg (norsk)
1991 John Andreassen og Jahn Teigen (norsk)
1992 John Andreassen (norsk)
1993 Leif Erik Forberg (norsk)
1994 Jostein Pedersen (norsk)
1995 Annette Groth (norsk)
1996 Jostein Pedersen (norsk, alle showa) Ragnhild Sælthun Fjørtoft
1997
1998
1999
2000 Marit Åslein
2001 Roald Øyen
2002 Noreg fekk ikkje delteke
2003 Roald Øyen
2004 Ingvild Helljesen
2005
2006
2007 Per Sundnes (norsk, alle showa) Synnøve Svabø
2008 Per Sundnes og Hanne Hoftun (norsk, alle showa) Stian Barsnes Simonsen
2009 Synnøve Svabø (norsk, alle showa)
2010 Olav Viksmo Slettan (norsk, alle showa) Anne Rimmen
2011 Nadia Hasnaoui
2012
2013 Ronny Brede Aase, Silje Therese Reiten Nordnes og Yngve Hustad Reite (norsk, finalen) Tooji
2014 Ronny Brede Aase, Silje Therese Reiten Nordnes og Line Elvsåshagen (norsk, finalen) Margrethe Røed
2015 TBA TBA TBA

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiar
1986 Bergen Grieghallen Åse Kleveland
1996 Oslo Oslo Spektrum Ingvild Bryn og Morten Harket
2010 Bærum Telenor Arena Nadia Hasnaoui, Haddy N'jie og Erik Solbakken

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Sist flest gonger (11)
  • Nest sist flest gonger (4, saman med Frankrike og Jugoslavia)
  • Null poeng flest gonger (4)
  • Flest språk i éin song (12)
  • Høgaste poengsum (387)
  • Vann med størst margin (169)

Noreg tok òg rekorden for flest tolvarar (16) i 2009, men vart slått av Sverige i 2012 (18).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]