Oakland i California

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 37°47′42.817″N 122°13′41.200″W

Oakland
Horisonten til Oakland
Flagget til Oakland
Flagget til Oakland
Styresmakter
Delstat
Fylke
California
Alameda
Geografi
Flatevidd 202 4 km²
Innbyggjarar 446 901
Tidssone PCT (UTC-8)
Plassering
Plassering av  Oakland

Oakland er ein amerikansk by i delstaten California som blei grunnlagt i 1852. Oakland er hovudsete for fylket Alameda. Nord for byen ligg Berkeley, vest for Oakland ligg San Francisco på den andre sida av brua Bay Bridge. Folketelljnga i 2006 sette folketalet til 397 067. I 2010 rekna ein med at folketalet hadde vakse til 446 901.

Oakland er heimstad for det amerikanske fotballaget Oakland Raiders, som spelar i NFL. Oakland internasjonale lufthamn ligg i Oakland.

Oakland rundt 1900.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Huchiun-stammen av det som seinare blei kalla Ohlone-folk budde opphavleg i området der Oakland blei bygd. I 1772 gjorde conquistadorar krav på dette og resten av California for den spanske krona. I 1820 blei offiseren Luís María Peralta gjeven eit landområde på heile 181 km² langs East Bay-kysten som omfatta dei framtidige byane San Leandro, Alameda, Emeryville, Piedmont, Berkeley, Albany og Oakland. I løpet av 1800-talet busette mange nybyggjarar seg i eit område der det voks mykje eik, og 4. mai 1852 blei Oakland inkorporert som by av styresmaktene i California.

Byen og omlandet voks med utbygginga av jernbanen, og på 1860- og 1870-talet blei han eit viktig jernbaneknutepunkt, med stasjon for Den transamerikanske jernbanen driven av Central Pacific Railroad og lokaltog. Toglinja gjekk heilt til hamna i Oakland ved Stillehavet. Folketalet dobla seg i 1906, då folk som var blitt heimlause etter jordskjelvet i San Francisco året før slo seg ned her. På 1920-talet hadde Oakland ei rekkje industriar, mellom anna verft, bilindustri, metall, hermetikk og bakeri. Økonomien og byen voks i løpet av heile tiåret. I 1927 blei lufthamna i Oakland opna.

Lake Merritt og høghus i Oakland.

Under andre verdskrigen blei det laga mykje krigsmateriell her, og arbeidarar frå andre område av USA kom flyttande til byen. Etter krigen blei det nedgang i skipsbygging og bilindustri, og færre arbeidsplassar. Konfliktar mellom innflyttarar og eldre innbyggjarar, og mellom kvite og afroamerikanarar, voks. I 1966 blei det ytterleggåande antirasistiske partiet Black Panthers skipa i byen som eit forsvar mot politivald. Frå 1960-åra av voks oaklandavdelinga av Hells Angels til ei av dei mektigaste i USA. I løpet av 1970-åra fekk byen problem med kriminelle gjengar som styrte narkotikasal og medførte annan kriminalitet. Drapsraten blei nesten dobbelt så stor som den i San Francisco og New York. På 1980-talet spreidde bruken av crack-kokain seg.

Ved slutten av 1980-åra gjekk over 20 % av innbyggjarane i Oakland på trygd. Loma Prieta-skjelvet i 1989 råka fleire bygningar i byen. Byggjeverksemd i 1990-åra gav byen noko økonomisk vekst. Frå denne tida og inn på 2000-talet stod borgarmeistrane i byen, Elihu Harris og seinare for Jerry Brown, for utviklingsprogram som skulle tiltrekka innbyggjarar til sentrum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oakland i California

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.