Octavia Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Octavia Hill

Octavia Hill (3. desember 183813. august 1912) var ein engelsk frivillig sosialarbeidar og forfattar.

Octavia Hill var fødd i Wisbech i Cambridgeshire som dotter av kornhandlaren og bankieren James Hill og den tredje kona hans, Caroline Southwood Smith. Caroline var dotter av sanitasjonsreformatoren Thomas Southwood Smith. Ho hadde sjølv skrive om utdanning og arbeidde som guvernante for barna til Hill før dei blei gifte. Barndommen til Octavia blei prega av faren sin økonomiske og mentale nedgang. I 1840 blei James Hill slått konkurs, og morfaren tok over mykje av forsørginga og oppdraginga av barna. Familien busette seg i Finchley som då var ein landsby utanfor London. Octavia fekk aldri noka formell utdanning, men fekk heimeundervising av mora.

Octavia Hill var inspirert av det sosiale arbeidet til morfaren, presten og reformatoren F.D. Maurice som var ein venn av familien, og av boka London Labour and the London Poor av Henry Mayhew om slummen i London. Som tenåring byrja ho arbeida for dei fattige i London gjennom leiketøymaking for elevar ved veldedige skular og ved arbeid for kvinneklassar ved Working Men's College i Bloomsbury i sentrale London.

Hill fekk kontakt med den framståande reformatoren John Ruskin, og dei innleia eit samarbeid om å forbetra buvilkåra for dei fattige som skulle bli vidkjend. På 1860-talet gjekk dei inn som eigarar og styrarar av husvære i slumområdet Marylebone. Dei kjøpte falleferdige hus, utbetra dei og områda rundt gjennom treplanting og leikeplassar. Leiga var låg, og Hill sytte gjennom personleg kjennskap til leigebuarane for at ho blei punktleg betalt.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Homes of the London Poor (1875)
  • Our Common Land (1878)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Octavia Hill


Kjelder[endre | endre wikiteksten]