3. desember
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3. desember er den 337. dagen i den gregorianske kalenderen (338. under skotår). Det er 28 dagar att av året.
Innhaldsliste |
Merkedag [endre]
Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar [endre]
Fast religiøs helgedag [endre]
Namnedag [endre]
| Noreg | Sveinung og Svein |
| Sverige | Lydia |
| Danmark | Svend |
Helgendag i den katolske kyrkja [endre]
Hendingar [endre]
Utlandet [endre]
- 1818: Illinois blei den 21. delstaten i USA.
- 1854: Eureka Stockade, eit gruvearbeidaropprør i Victoria i Australia, blei slått ned av delstatspoliti.
- 1904: Jupitermånen Himalia blei oppdaga av Charles Dillon Perrine ved Lick Observatory i California.
- 1912: Ein våpenkvile mellom Balkanligaen (Bulgaria, Hellas, Montenegro og Serbia) og Tyrkia, enda den første balkankrigen.
- 1944: Dekemvriana, 'desemberhendingane' som innleia den greske borgarkrigen, tok til i Aten då ein stor demonstrasjon ende med titals døde og over hundre såra.
- 1967: Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utførte den første hjartetransplantasjonen på eit menneske.
- 1971: Krigen mellom India og Pakistan i 1971: India invaderte Vest-Pakistan i samband med uroa i Aust-Pakistan (Bangladesh).
- 1973: Pioneer 10 overførte dei første bildene av planeten Jupiter til jorda.
- 1984: Bhopalulukka. Gassutslepp frå ein amerikanskeigd insektmiddel-fabrikk i Bhopal i India drap 7 000.
- 1988: Etter eit møte utanfor Malta gav leiarane for Sovjetunionen og USA, Mikhail Gorbatsjov og George Bush, fråsegner om at den kalde krigen mellom landa deira kunne nærma seg slutten.
Noreg [endre]
- 1943: Den svenske regjeringa gav norske militære lov til å trena og utrusta 8 000 reservepolitisoldatar og 1500 rikspolitifolk på svensk jord.
Fødde [endre]
- Sjå òg Fødde den 3. desember.
- 1368: Kong Karl VI av Frankrike
- 1684: Ludvig Holberg, dansk-norsk forfattar
- 1857: Joseph Conrad, polsk-britisk forfattar
- 1886: Manne Siegbahn, svensk fysikar og nobelprisvinnar
- 1895: Anna Freud, austerriksk psykoanalytikar
- 1911: Nino Rota, italiensk komponist
- 1925: Kim Dae-jung, sørkoreansk politikar og nobelprisvinnar
- 1930: Jean-Luc Godard, fransk filmregissør
- 2005: Prins Sverre Magnus av Noreg, son av kronprinsparet
Døde [endre]
- Sjå òg Døde den 3. desember.
- 1154: Pave Anastasius IV
- 1839: Fredrik VI av Danmark-Noreg
- 1894: Robert Louis Stevenson, skotsk forfattar
- 1919: Pierre-Auguste Renoir, fransk kunstnar
- 1941: Christian Sinding, norsk komponist
- 1996: Babrak Karmal, afghansk president
|
|
|
|---|---|
| < 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31> |