Oddrun Midtbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oddrun Midtbø (fødd i 1964) er ein norsk journalist[1] og forfattar[2] som kjem frå Luster og er busett i Sogndal.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Som journalist har Midtbø jobba som frilansar med tekst, foto og illustrasjon sidan 1988. Ho har blant anna studert og jobba med prosjekt i USA og Nicaragua.[3] Asyl- og flyktningpolitikk er eitt av hennar spesialområder som journalist.

Oddrun Midtø er også forfattar.[2] Boka Harastølen: Heimen for dei utstøytte kom ut i 2023. [4] Boka handlar om livet på institusjonen Haralstølen i Luster kommune, som sidan 1902 har vore sanatorium for tuberkulose-pasientar, psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Boka tek for seg alle epokane i institusjonen si historie. I april 2024 fekk Oddrun Midtbø prisen Årets indiebok i kategorien sakprosa for voksne, på Indiebokfestivalen i Oslo.[5]

Oddrun Midtø har tidlegare vore fylkesleiar for TV-aksjonen for Sogn og Fjordane.[6] Ho har også vore leiar for NJ Frilans frå 2017-2019. [7][8]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Harastølen. Heimen for dei utsøytte. (OMI forlag, Sakprosa, 2023)
  • Magne Vangsnes. Utan tittel. Medforfatter (Skald forlag, Biografi, 2015)
  • Det fleirspråklege Noreg, medforfatter (Skald forlag, Essaysamling, 2013)
  • Dobbeltjubilanten i Sogndal (Sakprosa, 2013)[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frilanskatalogen», www.frilanskatalogen.no, henta 10. mai 2024 
  2. 2,0 2,1 2,2 Norsk forfattersentrum. «Forfattere». Norsk forfattersentrum. Henta 10. mai 2024. 
  3. Skald forlag. «Oddrun Midtbø». Henta 10.05.2024. 
  4. Norli forlag. «Harastølen: heimen for dei utstøytte». Henta 10. mai 2024. 
  5. BoldBooks. «Vinnerne av indiebokprisen 2023». Henta 10. mai 2024. 
  6. Ingunn Osland. «Oddrun Midtbø skal vere sjef for TV-aksjonen her i fylket». Firda. Henta 10. mai 2024. 
  7. «– Aldri opplevd så sterk inkludering». Norsk Journalistlag. Henta 10. mai 2024. 
  8. Klausen, Aslaug Olette (9. september 2017), «Oddrun Midtbø ny leder i NJ Frilans», www.journalisten.no (på norsk bokmål), henta 10. mai 2024