Sogn og Fjordane fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sogn og Fjordane fylke
Våpen Kart
Adm.senter Leikanger
Areal 000000000018623.000000000018 623 km²
Folkemengd 108 700 (1. januar 2013)
Folketettleik 6,1 /km²
Nettstad www.sfj.no
Politikk
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes, Ap (2011-)
Fylkesmann Anne Karin Hamre
Målform Nynorsk
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Sogn og Fjordane fylke.svg
Sogn og Fjordane fylke på Commons

Sogn og Fjordane fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som ligg på Vestlandet mellom Møre og Romsdal i nord og Hordaland i sør. I aust grensar fylket til Oppland og i søraust til Buskerud.

Fylket svarar til det tidlegare Nordre Bergenhus Amt og har sitt noverande namn frå 1919. Det er samansett av tre hovuddelar, dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, der dei to siste utgjer Fjordane. Sogn og Fjordane er særmerkt av fleire fjordar og her finn ein Sognefjorden som er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, ligg mellom dei inste armane av Nordfjorden og Sognefjorden. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligg Store Skagastølstind, som med sine 2405 moh. er den høgaste fjelltoppen på Vestlandet og den tredje høgaste i Noreg.

Fylket er svært fjellrikt, og har fleire gode lakseelvar. Fylket har også mange frodige jordbruksbygder og mykje fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.

Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvsliste.

Førde er den største tettstaden i fylket og Hermansverk i Leikanger kommune er sete for administrasjonen i fylkeskommunen. Florø, som ligg på vestkysten, er den vestlegaste byen i Noreg. Sogn og Fjordane er vennskapsprovins med den kinesiske provinsen Ningxia Hui.

Fylkesvåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Motivet er på sølv grunn tre blå spissar mot venstre, der spissane står for dei tre fjordane i fylket og viser til fylkesdelane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesblomsteren til Sogn og Fjordane er revebjølle og fylkessteinen er eklogitt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sognefjorden
Jostedalsbreen

Terrengtilhøva i Sogn og Fjordane i dag er i hovudsak ei følgja av den tertiære landhevinga og følgjande erosjon, først av rennande vatn langs sprekkar og veikare soner i berggrunnen, seinare av ein omfattande iserosjon. Resultata av dette er synlege i dei djupe fjordane og i dei U-forma dalane der fjordane går vidare innanfor fjordbotnen. Sogn og Fjordane kan delast inn i tre geografiske område:

Sogn utgjer den sørlege delen av fylket, kring Sognefjorden og armane derfrå. Den austre delen av Vest-Jotunheimen ligg i området og i nordaust størstedelen av Breheimen. Utanfor dei ytste delane av Sognefjorden, nord for Utvær fyrstasjon, ligg Holmebåen som er Noregs vestlegaste punkt. Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og er den nest lengst fjorden i verda. Landskapet i Sogn er berglendt og frå Sognefjorden går tronge fjordarmar til begge sidene. Frå botnen av fjordarmane fører djupe, tronge og nokså bratte dalar inn mellom fjella som er samansett av harde og gabbroide bergartar. I dei ytre stroka når fjella på øyane sjeldan over 500 moh og ytst på fastlandet ligg dei på 700-800 moh. I indre strok når Hurrungane 2405 moh. Dei ytre stroka er nesten berre for skog medan dei indre har frodig vegetasjon langs fjordsidene og i dei lågareliggjande dalane.

Sunnfjord utgjer den sørlege delen av Fjordane i fylket, og femner områda kring dei kortare fjordane som skjer seg inn mellom Sognefjorden og Nordfjord i nord. Sunnfjord er kløyvd opp av ei rekkje vest-aust gåande, tronge og ofte krokete fjordar som er kortare enn i Sogn og i Nordfjord. I aust når Sunnfjord til Jostedalsbreen. Både her og på Myklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 moh. Utanfor fastlandet ligg ei rekkje øyar, den største av desse er Bremangerlandet i nord. Dei største tettstadene i fylket ligg i Sunnfjord; Florø på kysten og Førde ved botnen av Førdefjorden.

Nordfjord er landet i den nordlegaste delen av fylket, kring fjorden Nordfjord i tillegg til Stadlandet, og strekkjer seg austover til ryggen av Jostedalsbreen og Strynefjell. Her ligg fjorden Nordfjord på 106 km, den sjette største fjorden i Noreg. I Hornindal inst i Nordfjord ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.

Jostedalsbreen ligg mellom dei inste armane av Nordfjord og Sognefjorden. Sogn og Fjordane har eit større breareal enn noko anna fylke i Sør-Noreg, og i dei ytre fjordstroka finn ein grunna den store nedbøren, brear som ligg lågare enn nokon annan stad i landsdelen. Skoggrensa søkk frå toppen 800 moh. i dei indre stroka til 200 m i dei ytre.

Det ligg to nasjonalparkar i fylket: Jotunheimen- og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elles er det fleire verneområde av landskap, som Bleia - Storebotnen og den tilstøytande Nærøyfjorden, i tillegg til Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden og Ålfoten på sørsida av den ytste delen av Nordfjord. Nærøyfjorden er innskrive på lista til UNESCO over verdas kultur- og naturarv som fjordlandskap.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Stad

Dei dominerande luftstraumane, saman med mesteparten av dei vandrande lågtrykka og nedbørsområda, kjem frå vest og sørvest. Vintertid blæs bakkevinden oftast frå austleg kant, ut fjordar og dalar, medan det blæs frå søraust ved kysten. Sommarstid blæs det oftast frå nordvest ved kysten, medan luftstraumane følgjer fjordar og dalar lenger inn i landet, frå vest mot aust.

I ytre og mellomliggjande strok er det mykje nedbør, om lag 1500-3000 mm årleg. Toppnivåa finst som regel 20-30 km frå kysten. I dei meir skjerma indre fjordstroka, me.a. i delar av Lærdal og Luster, er det nokre periodar med årsnedbør på under 500 mm.

Indre fjordstrok har stort sett reint innlandsklima. I desse stroka og i nærliggjande dalar er dei kaldaste middeltemperaturane i januar, frå –3 til –6 °C, og dei varmaste i juli med 13–15 °C. Attmed kysten er februar den kaldaste månaden med middeltemperatur på 1–2 °C, og august den varmaste med middeltemperatur på kring 14 °C. På den nordlegaste delen av kysten, særleg ved Stad, blæs det relativt ofte opp til kuling og storm.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fruktdyrking

Det eldste vitnesbyrdet vi har om fruktdyrking i landet er frå Sverresoga der Aldinshaugr i Vik (i dag Aldenhaug) blir nemnt.[2] Alde og haugr er gamalnorsk og tyder epletre og hage, altså eplehage. Det er i særleg grad i Sogn og i Nordfjord det blir dyrka frukt. Eit samlande frukt- og bærprosjekt for heile Sogn og fjordane er Arena frukt og bær.[3] Dette er eit klyngjeprosjekt som går over tre år og omfattar alle bedriftene som jobbar opp mot frukt og bærnæringa i Sogn og Fjordane. Visjonen er at Sogn og Fjordane skal verta eit nasjonalt senter for innovasjon i frukt og bær.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Fylkesveg 60 frå Nordfjord

Fire hovudsamband fører sørover til Hordaland: I vest Fv. 57 frå Rutledal i Gulen til Knarvik i Lindås, E 39 frå Oppedal i Gulen til Knarvik og Bergen, Rv. 13 frå Vangsnes/Vik til Voss og E 16 gjennom fylket til Voss. Til Sunnmøre i nord går det tre hovudsamband, alle med endepunkt i Ålesund: Fv. 61 frå Bryggja i Vågsøy over me.a. øyane Gurskøya og Hareidlandet, E 39 frå Nordfjordeid via Volda og Ørsta, og Fv. 60 frå Hornindal via Stranda og Sykkylven.

Frå Austlandet går det fem heilårs vegsamband til fylket. Fire av desse går frå Sogn; E 16 over Filefjell og Rv. 52 over Hemsedal til Lærdal, Fv. 53 over Tyin til Årdal, Fv. 50 Hol-Aurland. Ein går til Nordfjord, Rv. 15 over Strynefjell til Stryn. Elles er det samband til Austlandet over Sognefjell frå Skjolden til Sogndal via Rv. 55. Ferjesambandet over Sognefjorden på Rv. 5 Fodnes-Mannheller gjev kommunane Aurland, Lærdal og Årdal samband med nordsida av Sognefjorden. Med opninga av den lengste biltunnelen i verda, Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland på 24,5 km, er det vorte etablert eit ferjefritt og vintersikkert stamvegsamband mellom Bergen og Oslo via E 16.

I sør går Bergensbanen på ei kort strekning innan fylket. Frå Myrdal går Flåmsbanen til Flåm ved botnen av Aurlandsfjorden, den brattaste og mest kjente turistbanen i Noreg. Til Lillehammer og Oslo er det ekspressbussamband. Flyplassar i fylket ligg i Florø, Førde, Sandane og Sogndal.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Hermansverk i Leikanger kommune er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Sogn og Fjordane utgjer 26 kommunar, alle med nynorsk som administrasjonsspråk. Fylket har fire prosti med 29 prestegjeld og 82 sokn, og eitt politidistrikt som svarar til fire tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1401 Flora kommune Flora Florø 000000000011697.000000000011 697 000000000000692.0000000000692 Nynorsk Sunnfjord
1411 Gulen kommune Gulen Eivindvik 000000000002305.00000000002 305 000000000000597.0000000000597 Nynorsk Ytre Sogn
1412 Solund kommune Solund Hardbakke 000000000000842.0000000000842 000000000000228.0000000000228 Nynorsk Ytre Sogn
1413 Hyllestad kommune Hyllestad Hyllestad 000000000001428.00000000001 428 000000000000259.0000000000259 Nynorsk Ytre Sogn
1416 Høyanger kommune Høyanger Høyanger 000000000004222.00000000004 222 000000000000908.0000000000908 Nynorsk Ytre Sogn
1417 Vik kommune Vik Vikøyri 000000000002731.00000000002 731 000000000000833.0000000000833 Nynorsk Indre Sogn
1418 Balestrand kommune Balestrand Balestrand 000000000001337.00000000001 337 000000000000430.0000000000430 Nynorsk Indre Sogn
1419 Leikanger kommune Leikanger Leikanger 000000000002255.00000000002 255 000000000000180.0000000000180 Nynorsk Indre Sogn
1420 Sogndal kommune Sogndal Sogndal 000000000007477.00000000007 477 000000000000746.0000000000746 Nynorsk Indre Sogn
1421 Aurland kommune Aurland Aurlandsvangen 000000000001714.00000000001 714 000000000001468.00000000001 468 Nynorsk Indre Sogn
1422 Lærdal kommune Lærdal Lærdalsøyri 000000000002176.00000000002 176 000000000001342.00000000001 342 Nynorsk Indre Sogn
1424 Årdal kommune Årdal Årdalstangen 000000000005521.00000000005 521 000000000000976.0000000000976 Nynorsk Indre Sogn
1426 Luster kommune Luster Gaupne 000000000005041.00000000005 041 000000000002707.00000000002 707 Nynorsk Indre Sogn
1428 Askvoll kommune Askvoll Askvoll 000000000003018.00000000003 018 000000000000326.0000000000326 Nynorsk Sunnfjord
1429 Fjaler kommune Fjaler Dale 000000000002871.00000000002 871 000000000000417.0000000000417 Nynorsk Sunnfjord
1430 Gaular kommune Gaular Sande 000000000002923.00000000002 923 000000000000582.0000000000582 Nynorsk Sunnfjord
1431 Jølster kommune Jølster Skei 000000000003078.00000000003 078 000000000000670.0000000000670 Nynorsk Sunnfjord
1432 Førde kommune Førde Førde 000000000012559.000000000012 559 000000000000586.0000000000586 Nynorsk Sunnfjord
1433 Naustdal kommune Naustdal Naustdal 000000000002713.00000000002 713 000000000000370.0000000000370 Nynorsk Sunnfjord
1438 Bremanger kommune Bremanger Svelgen 000000000003945.00000000003 945 000000000000833.0000000000833 Nynorsk Nordfjord
1439 Vågsøy kommune Vågsøy Måløy 000000000006119.00000000006 119 000000000000177.0000000000177 Nynorsk Nordfjord
1441 Selje kommune Selje Selje 000000000002789.00000000002 789 000000000000226.0000000000226 Nynorsk Nordfjord
1443 Eid kommune Eid Nordfjordeid 000000000005920.00000000005 920 000000000000469.0000000000469 Nynorsk Nordfjord
1444 Hornindal kommune Hornindal Grodås 000000000001238.00000000001 238 000000000000192.0000000000192 Nynorsk Nordfjord
1445 Gloppen kommune Gloppen Sandane 000000000005676.00000000005 676 000000000001030.00000000001 030 Nynorsk Nordfjord
1449 Stryn kommune Stryn Stryn 000000000007105.00000000007 105 000000000001378.00000000001 378 Nynorsk Nordfjord
Totalt Sogn og Fjordane Sogn og
      Fjordane
Leikanger 000000000108700.0000000000108 700 000000000018623.000000000018 623 Nynorsk Sogn og
Fjordane

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Fylkestingsval 2011[endre | endre wikiteksten]

Valresultatet i fylkestingsval i ulike delar av fylket. Kolonnen som heiter "del" angir del av dei totale stemmene i fylket.

Område Ap Frp Høgre KrF Sp SV Venstre Raudt Andre Del Fleirtall
Ytre Sogn 28,3 5,0 16,7 8,5 30,0 2,8 4,6 2,5 1,6 12,1 Ap+SV+Sp+R
Indre Sogn 40,9 7,1 12,3 4,3 22,9 4,8 5,2 0,8 1,6 22,9 Ap+SV+Sp+R
Sunnfjord 28,6 5,9 18,4 6,1 26,2 5,8 6,5 0,8 1,7 35,1 Ap+SV+Sp+R
Nordfjord 14,0 10,9 18,7 8,3 25,7 2,8 11,1 2,8 5,8 30,0 H+V+KrF+FrP
Sogn og Fjordane 27,0 7,6 16,9 6,6 25,7 4,3 7,4 1,6 2,9 100 Ap+SV+Sp+R
Noreg 33,2 11,8 27,6 5,8 6,3 4,3 5,7 1,7 3,7 - H+V+KrF+FrP

Kjelde: Regjeringen: Fylkestingsvalget 2011 Sogn og Fjordane

Fylkestinget 2011-2015[endre | endre wikiteksten]

Fylkestinget har 39 representantar. Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesordførar og Jenny Følling (Sp) er fylkesvaraordførar i perioden.

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 11
Senterpartiet 10
Høgre 7
Framstegspartiet 3
Venstre 3
Kristeleg Folkeparti 3
Sosialistisk Venstreparti 2

Stortinget 2009-2013[endre | endre wikiteksten]

Ved Stortingsvalet 2009 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2009-2013:

Erling Sande var fast møtande vararepresentant for statsråd Liv Signe Navarsete.

Stortinget 2013-2017[endre | endre wikiteksten]

Ved Stortingsvalet 2013 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2013-2017:


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]