Olavinlinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olavinlinna
Foto: Matti Mattila, 1989

Olavinlinna (svensk Olofsborg, norsk St. Olavs slott) er ein mellomalderfestning ved Nyslott (Savonlinna) i Finland. Det ligg på ei lita øy i Kyrönsalmi-sundet mellom innsjøane Haukivesi og Pihlajavesi, og er omgjeve av strie straumar.

Den eldste framstillinga av slottet, frå Olaus Magnus sitt historieverk frå 1555. Ved sidan av festningen er det teikna mytologiske figurer som nøkken og svarte fiskar som etter soga skulle symja i straumane rundt øya.

Festningen blei bygd på 1400-talet. Han er den nordlegaste mellomalderfestningen av stein som framleis står.

Olavinlinna blei restaurert på 1970-talet i eit prosjekt som var ferdig i 1975. St. Olavs slott er kjend for sin årlege internasjonale operafestival om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Olavinlinna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olavinlinna (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. februar 2014.

Koordinatar: 61°51′50″N 028°54′04″E

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med historie og Finland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.