Ole Bulls Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ole Bulls Dampskibsselskab var eit tidlegare norsk transportselskap, med hovudsete på Osterøy. Selskapet var oppkalla etter Ole Bull. Bygdefolket rundt Osterøy var ikkje nøgd med dei selskapa som trafikkerte fjordane. Erfaringane som vart gjort i Osterfjorden med DS «Osterø» fekk også bygdefolket langs Sørfjorden til å skipa sitt eige dambåtlag. Laget vart skipa i 1883 og vart kalla Ole Bulls Dampskibsselskab . Båten dei sette inn i ruta døypte dei DS «Ole Bull» I 1891 slo dei seg saman med Osterøens Dampskibsselskab og danna Indre Nordhordlands Dampskibsselskab som seinare vart til Indre Norhordland Dampbåtlag (INDL).