Ole Gregor Liljedahl Barman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Gregor Liljedahl Barman (fødd 20. august 1897 i Ålesund, død 1983) var ein norsk jurist og forfattar. Barman var lensmann i Bærum 1939-1967, og hadde permisjon 1951-1953 for å vere sjef ved Det Norske Teatret. Han hadde ei rad verv mellom anna som formann i Norges lensmannslag 1938-1955, medlem av Det norske teaters styre 1947-1951, medlem av Forfatterforeningens styre 1934-1946.[1]

Han var son av presten Gregorius Elisæus Barman og soneson av presten Ole Barman.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Fast i fjellet (roman) 1930
  • Ein mann gjekk heim (roman) 1933, dramatisert og oppført på Det Norske Teatret 1936
  • Han Kristafor-Knut og andre karar (noveller) 1927
  • Sjørop (noveller) 1928
  • Gjenta som elska fanden oppført 1953
  • Draumen (noveller) 1968

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Runeberg: Hvem er hvem lese på nett 24.2.13.