Olof Palme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olof Palme

Statsminister i Sverige
Periode14. oktober 19698. oktober 1976
8. oktober 198228. februar 1986
PartiSveriges socialdemokratiska arbetareparti
Fødd30. januar 1927Östermalm i Stockholm
FødestadStockholm, Svea artilleriregementes församling
Død28. februar 1986Sveavägen i Stockholm
DødsstadSveavägen
MorElisabeth Sophia von Knieriem
FarGunnar Palme
EktefelleLisbet Palme
FøregangarTage Erlander
Thorbjörn Fälldin
EtterfølgjarIngvar Carlsson
Thorbjörn Fälldin
Minneplate på Sveavägen i Stockholm

Sven Olof Joachim Palme (30. januar 192728. februar 1986) fødd på Östermalm i Stockholm, var ein svensk sosialdemokratisk politikar som var statsmnister frå 1969 til 1976 og frå 1982 til 1986.

Palme vart skoten på Sveavägen sentralt i Stockholm den 28. februar 1986. Palmemordet og etterforskinga etterpå var eit nasjonalt traume for Sverige som i lang tid sette sitt preg på samfunnsdebatten. I 1989 vart den uføretrygda rusmisbrukaren Christer Pettersson funne skuldig i mordet og dømd til livsvarig fengsel, men allereie nokre månader seinare vart han frifunnen på grunn av manglande prov og feil i samband med etterforskninga. Framleis er ingen dømd for mordet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Palme var konsultativ statsråd 1963-1965, kommunikasjonsminister 1965-1967, utdanningsminister 1967-1969, statsminister 1969-1976 og 1982-1986. Han var partileiar frå 1969 til 1986. Olof Palme var utdanna som jurist.

Han var den siste statsministeren som vart titulert «excellens» i (1970).

Olof Palme kom frå ein overklasse-bakgrunn og budde i oppveksten på Östermalm i Stockholm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Olof Palme