Oluf Rygh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oluf Rygh. Etter foto av L. Forbech

Oluf Rygh (5. september 183319. august 1899) var ein norsk arkeolog og historikar. Han var professor i historie ved Universitetet i Oslo mellom 1866 og 1875, styrar av Oldsaksamlinga frå 1862 og professor i nordisk arkeologi frå 1875. Han var den første professor i arkeologi ved eit skandinavisk universitet. Han er kjend for si utgraving av Tuneskipet i 1867 og sine publikasjonar Norske Oldsager frå 1885.

I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen. På bakkgrunn av det innsamla materialet starta Oluf Rygh utgjevinga av storverket Norske Gaardnavne som kom ut med 18 band frå 1897 til 1919. Eit tilleggsband kom ut i 1924. I dette verket vert det gjeve historiske opplysningar om namna til alle matrikkelgardane i Noreg, og det er opplyst korleis namnet vart uttalt i folkeleg uttale.

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved broren Karl Ditlev Rygh 1904)

Publikasjoner[endre | endre wikiteksten]

  • 1869 – Om den ældre Jernalder i Norge
  • 1877 – Om den yngre Jernalder i Norge
  • 1882 – Gamle bygdeborge i Norge
  • 1885 – Norske Oldsaker
  • 1897 – Norske Gaardnavne
  • 1901 – Gamle Personnavne i norske Stedsnavne
  • 1904 – Norske Elvenavne

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]