Sophus Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elseus Sophus Bugge (5. januar 18338. juli 1907) var ein norsk språkforskar og folklorist.

Sophus Bugge vart født i Larvik, vart student i Kristiania 1848, tok filologisk embetseksamen i 1857, og reiste deretter på statsstøtta studiereiser i utlandet. I 1860 vart han universitetsstipendiat i samanliknande språkvitskap, i 1864 lektor og i 1866 professor i samanliknande indoeuropeisk språkforsking og gammalnorsk ved universitetet i Kristiania.

Bugge la ned det viktigaste arbeidet sitt i studia av den nordiske kulturutviklinga, men han stod også for viktige bidrag innan samanliknande lingvistikk, latinsk filologi, dei gamalitaliske språka oskisk og umbrisk, etruskisk, armensk, romansk etymologi og sigøynarspråket. Som tekstkritikar er han særleg kjend for si utgåve av den eldre Edda frå 1867.

Allereie som student drog Sophus Bugge til Telemark for å samle norske folkevisor. Han vart ein viktig bidragsytar til Danmarks gamle Folkeviser, som Svend Grundtvig hadde teke til med å gje ut i 1853. Bokverket, som er det viktigaste referanseverket i Norden for mellomalderballadar, vart først avslutta med bind XII i 1976.

Kongen utnemnte Bugge den 21. januar 1896 til storkrossen av St. Olavs Orden for vitskapleg forteneste.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Gamle norske Folkeviser, 1858
  • Studier over de nordiske Gude- og Heltesagns Oprindelse, 1881 ff.
  • Norges Indskrifter med de ældre Runer, 1891 ff.
  • Bidrag til den ældste Skjaldedigtnings Historie, 1894

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Sophus BuggeWikikilden (frie originaltekstar)