Operasjon Barbara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Operasjon Barbara var ein britisk ubåtaksjon i november 1943, mot tyske mål på hamna i Bergen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ein Welman ubåt under sjøsetting. Båten er klargjort med stridshovud (sprengladning) montert på framenden.

Under den andre verdenskrigen utvikla britane ein einmanns-ubåt, Welman midget submarine, som var tenkt nytta i kombinerte operasjonar (Combined operations), men i 1943 vurderte general Robert Laycock[1] han som uskikka for deira formål. Ubåten vart då omdisponert til bruk i marinen, mellom anna under kommando-operasjonar mot Noreg, og vart overført til basar på Orknøyene og Shetland. For opplæring i bruk av ubåten etablerte den britiske marinen ei særskild gruppe, og to nordmenn fra Kompani Linge, Bjørn Pedersen og Carsten Anker Johnsen, vart valgt ut til å delta.

Hausten 1943 bestemte admiral Sir Lionel Wells, øverstkommanderande over Orknøyene og Shetland, at seks Welman ubåtar skulle nyttast i ein SOE-aksjon (Special Operations Executive) mot mål på Bergen hamn, m.a. mot flytedokken i Laksevåg.

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

17. november 1943 gjekk tre MTBar frå Shetland med ubåtane ombord. Under vegs fekk to av dei motortrøbbel og heile styrken måtte returnere. Deretter vart det bestemt å gjennomføre operasjonen med berre to MTBar og fire ubåtar. Desse var bemanna av to menn frå Kompani Linge og to menn frå Royal Navy. Eit nytt forsøk vart sett i verk 20. november og motortorpedobåtane MTB635 og MTB625 gjekk då ut frå Lunna Voe, Shetland, og om bord var dei fire Welman-ubåtane W45 (pilot: Lt. Carsten Anker Johnsen), W46 (pilot: Lt Bjørn Pedersen) , W47 (pilot: Lt. B. Marris) og W48 (pilot: Lt. J. Holmes). Ubåtane vart sjøsett ved Sollsvika på nordenden av Sotra og derifrå skulle dei navigere fram til Hjeltholmen og vidare inn i innerste del av Bergen hamn. Dersom alt gjekk bra, skulle ubåtane returnere nordover i byfjorden og bli senka der.

Mislukka aksjon[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Bergen og Byfjorden frå Fløyen. Innløpet til Puddefjorden ligg om lag midt i biletet

Alle kom fram til Hjeltholmen, rett nord for Litlesotra, båtane vart trimma ned og dekt med kamuflasjenett, og karane braut seg inn i ei hytte i nærleiken, der dei overnatta. Då det tok til å skymast dagen etter gjorde dei alt klart, og ved midnatt gjekk Bjørn Pedersen i sin ubåt, som førstemann. Dei andre skulle fylgje etter med ca ti minutt mellomrom.

Inne på Puddefjorden var det bekmørkt og på grunn av at ubåten mangla periskop, måtte Bjørn Pedersen gå opp til overflata for å orientere seg; han åpna luka og reiste seg opp for å ta peiling. Då kom han plutseleg inn i lysstrålen frå ein morse-lampe om bord på ein tysk minesveipar som låg og signaliserte til ein destroyar. Ein augneblink seinare vart det åpna eld frå minesveiparen og ubåten vart råka av kulene. Heldigvis vart sprengladninga i ubåten ikkje råka, men han tok inn vatn og Bjørn skjøna straks at flukt var umogeleg. Han kvitta seg med kartmappe og papir vedr. aksjonen, opna botnventilen og forlet ubåten. Ein gummibåt frå minesveiparen vart samstundes sett på sjøen og Bjørn Pedersen, som låg og symde i det kalde vantnet, vart plukka opp og teken til fange av tyskarane.

Dei tre andre i gruppa høyrde skytinga og forstod at operasjonen var mislukka. Dei dykka umiddelbart og returnerte attende, ut i fjorden. Johnsen senka sin ubåt i Hjeltefjorden, ved Vindnes, og symde i land på Sotra. Briten Basil Marris senka sin båt i nærleiken av Brattholmen (ved Snekkevik) og symde i land. Den andre briten, Jim Holmes, kom seg òg på land og tok seg attende til Sotra etter nokre dagar. Alle tre fekk etter kvart hjelp med mat og husrom av folk på Landro [2].

Etter ei tid vart alle sende med motorbåt til Hernar, der det var etablert ei illegal gruppe. I dei fylgjande vekene vart det gjort fleire freistnader på å organisere transport ut av landet, men dei måtte bli verande to og ein halv månad i Noreg, før det lukkast. Ikkje før 6. februar 1944 vart dei plukka opp av ein MTB og kunne returnere til England.

I tysk fangenskap[endre | endre wikiteksten]

Då han vart fanga, var Bjørn Pedersen utstyrt med britisk uniform og papir som viste at han var sub-løytnant (fenrik) i den britiske marinen (Royal Navy). Han virkelege grad var då sersjant i Kompani Linge. I møte med tyskarane heldt han heile tida fast på at han var britisk offiser; hadde dei blitt klar over at han var norsk motstandsmann, ville han ha blitt regna som sabotør og drepen. Etter fleire forhøyr i Noreg vart han send til Århus Danmark og derifrå til Bremen. Heilt i slutten av november 1943 vart han send til krigsfangeleiren Marlag und Milag Nord[3], der han sat som fange nr 1181 resten av krigen, i om lag eit og eit halvt år.

Welman-ubåten teken ut av bruk[endre | endre wikiteksten]

Welman-ubåten vart etter aksjonen i Bergen vurdert som ueigna til krigsoperasjonar og vart teken ut av bruk. Det viktigaste problemet med båten var mangelen av periskop. For å orientere seg, måtte piloten manøvrere slik at «tårnet» stakk opp over sjøflata og sjølv då var sikten særs avgrensa og som vi har høyrt, fekk dette katastrofale konsekvensar for Bjørn Pedersen. Det vart truleg produsert ca 100 slike ubåtar, og berre nokre få eksemplar finst i dag på ymse marine-museum.

Bjørn Pedersen sin ubåt W46, som i slutten av november 1943 vart senka på hamna i Bergen, vart seinare henta opp av tyskarane og finst i dag på Marinemuseet i Horten.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Bygdesoga for Fjell,s.627-628, Fjell 1969. (Skrive av lensmann Leif Eikeland)
  • Chris Mann: British Policy and Strategy towards Norway, 1941-45 - Palgrave Macmillan (2012)