Hjeltefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hjeltefjorden er ein 46 km lang fjord i Hordaland fylke og ei viktig seglingslei inn til Bergen. Han strekkjer seg frå Fedjeosen sør for Fedje i nord til Byfjorden i sør. I vest er fjorden avgrensa av Øygarden og Fjell kommuneSotra. I aust er fjorden avgrensa av mellom anna Radøy, Holsnøy, Herdla og Askøy.

Namnet Hjeltefjorden har samanheng med det gamle norske namnet på Shetland, Hjaltland. Sjøvegen til Hjaltland gjekk gjennom Hjeltefjorden.

Fjorden har innløp i nord mellom holmane og øyane rett nord for Hellesøy i Øygarden i vest og holmane lengst nord i Radøy i aust. Frå her går fjorden generelt søraustover. Litt over 10 km inn i fjorden ligg Stureterminalen ved Stura på Alvøyna. Her går fleire røyrleidningar frå oljefelt i Nordsjøen, mellom anna frå Osebergfeltet.

Tvers over fjorden frå Stureterminalen ligg innløpet til Mangerfjorden på nordsida av Holsnøy. Han går inn til Manger og held fram søraustover som Radfjorden. Berre nokre kilometer lenger sør ligg Herdla i Askøy kommune på austsida. På nordsida av Herdla og søraustover går Herdlefjorden.

Hjeltefjorden held fram søraustover og på vestsida går mange sund mellom øyane i Øygarden frå Hjeltefjorden og vestover til utsida av kysten. Kvernhusosen og Hattesundet ligg mellom Seløyna i nord og Alvøyna. Tjeldsøsundet, Nordra Straumsundet og Søra Straumsundet ligg mellom Alvøyna og Ona, Heliosen og Osundet ligg mellom Ona og Blomøyna, Ulvsundet mellom Blomøyna og Rongøyna, Rongesundet mellom Rongøyna og Toftøyna, Svelgen mellom Toftøyna og Misje og Solsviksundet mellom Misje og Sotra.

På austsida, langs Askøy, går fleire djupe vågar austover frå Hjeltefjorden. Av desse finn ein Kjerrgardsosen ved Kjerrgarden, Davangsvågen inn mot Davanger, Hauglandsosen inn til Haugland. Sør for Hauglandsosen deler Hjeltefjorden ligg Litlesotra der Hjeltefjorden endar. Fleire sund går vidare sørover på vestsida av øya, medan Hjeltefjorden møter Byfjorden på austsida av øya.