Operativsystemkjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein kjerne (engelsk kernel) er den viktigaste delen av eit operativsystem.

Kjernen er komponenten som driv oppstarten, handterer maskinvareressursane og kommuniserer med maskinvara. Vanlegvis er kjernen «mellommannen» mellom programma ein køyrer og maskinvara fordi programma har vanlegvis ikkje direkte tilgang til maskinvara så dei må gå igjennom kjernen. Baten med dette er at om eit program krasjer, så tar programmet ikkje med seg heile systemet. Kjernen syrgjer også for at fleire program kan ha samband med kvarandre.

Ein har fleire ulike kjernar. To kjente kjernetypar er monolittiske kjernar og mikroprosessorkjernar. Monolittiske kjernar fungerer som eit program der alt er samanvevd til eit program, og difor er alle funksjonane innebygd i sjølve kjernen. I ei mikroprosessorkjerne er det fleire små delar som kommuniserer med kvarandre, og kan skrus av og på medan alt køyrast.

To kjente monolittiske kjernar er Linux og FreeBSD, GNU Hurd er eit eksempel på ein mikroprosessorkjerne, og Mac OS X har ein hybrid mellom ein monolittkjerne og ein mikrokjerne.