Linux-kjernen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linux
Arkitekturen til Linux-kjernen.

Linux-kjernen er ein fri Unix-liknande operativsystemkjerne, skriven av Linus Torvalds i 1991 og vidareutvikla av utviklarar rundt om i verda. Kjeldekoden er lisensiert under GNU GPL, og er dermed fri programvare. Han er tilgjengeleg frå [1].

Linux-kjernen var opphavleg utvikla for Intel 80386-prosessoren, men har seinare vorte tilpassa mange andre prosessorar. Han er skriven i programmeringsspråket C og nyttar GNU C-bibliteket[2]. Noko lågnivåkode er skrive i assemblerkode[2].

For å få eit komplett operativsystem vert Linux-kjernen kombinert med ein god del anna kode, det meste frå GNU-prosjektet, til det som vert kalla ein linuxdistribusjon. Ein linuxdistribusjon vert difor ofte omtala som eit GNU/Linux operativsystem.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Linus-kjernen har som oppgåve å styra maskinvare, som prosessor, dataminne og harddisker, og å fordele tilgang og resursar mellom system- og brukarprogramvare. Linux-kjernen er modulvis oppbygd og det er mogleg å konfigurera og kompilera han med ulik funksjonalitet. Nye drivarane kan lastast inn utan rekompilering[2][3].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet starta i 1991 med at den då 21 år gamle finske studenten Linus Torvalds sende ein berømt post til Usenet-gruppa comp.os.minix:

«I'm doing a (free) operating system (just a hobby, won't be big and professional like gnu) for 386(486) AT clones...» [4]

På dette tidspunktet hadde GNU-prosjektet skapt mange av komponentane som var naudsynt i eit fritt operativsystem, men sjølve kjernen, GNU Hurd, var uferdig og ikkje tilgjengeleg. BSD-operativsystemet hadde framleis ikkje frigjort seg frå sine juridiske problemstillingar. Dette opna eit hol som Linux-kjernen kunne fylle. Til trass for den avgrensa funksjonaliteten i dei tidlege versjonane knytte linux-kjernen raskt til seg utviklarar som la til ny funksjonalitet og forbetringar.

Versjonshistorie[endre | endre wikiteksten]

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Linus Torvalds er ansvarleg for oppdateringar og frigjeving av nye versjonar, men han har delegert ansvaret for vedlikehald av eldre versjonar til andre programmerarar[5]. Vesjonar heilt tilbake til v. 2.0 vert vedlikehalden, sjølv om denne versjonen offisielt vart erklært utdatert i januar 1999.

Kjerne-serie Noverande versjon Vedlikehaldar Vedlikehaldsmodell
2.0 2.0.40[6] David Weinehall Offisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.0[7].
2.2 2.2.26[8] Marc-Christian Petersen (tidlegare vedlikehaldar Alan Cox) Uoffisielt utdatert ved innføringa av v. 2.2.27-rc2[9],[10]
2.4 2.4.37.11 Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Marcelo Tosatti) Vedlikehalden frå des. 2008 til des. 2011, siste stabile utgåve av 2.4-serien.
2.6.16 2.6.16.62 Adrian Bunk 1. stabile langtidsutgåve frå mars 2006 til juli 2009, erstatta av v. 2.6.27.xx).
2.6.27 2.6.27.62[11] Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman) 2. stabile landtidsversjon frå okt. 2008 til 2012?[12]
2.6.32 2.6.32.59[13] Willy Tarreau (tidlegare vedlikehaldar Greg Kroah-Hartman) 3. stabile langtidsutgåve frå des. 2009 til mars 2012[14][15][16][17]
2.6.33 2.6.33.20[11] Greg Kroah-Hartman 4. stabile langtidsutgpve-term frå mars 2011 til nov. 2011, base for sanntidstre, erstatta av 3.0.xx) [18]
2.6.34 2.6.34.12[11] Paul Gortmaker 5. stabile langtidsutgåve frå jan. 2011 til 201?
2.6.35 2.6.35.14[19] Andi Kleen 6. stabile langtidsutgåve frå des. 2010 til 201?
2.6.39 2.6.39.4[11] Linus Torvalds Vedlikehalden frå mai 2011 til aug. 2011), siste stabile utgpve av 2.6-kerne-serien.
3.0 3.0.36[20] Greg Kroah-Hartman 7. stabile langtidsutgåve frå juli 2011 til 201?, base for sanntidstre[14]
3.2 3.2.21 Ben Hutchings 8. stabile langtidsutgåve frå mars 2012 til 201?, nytta i Ubuntu 12.04 LTS
3.3 3.3.8 Vedlikehalden til juni 2012)[1].
3.4 3.4.4 Siste stabile versjon[1].
linux-next next-20120622[1] Siste utviklingsversjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 The Linux Kernel Archives, kernel.org.
  2. 2,0 2,1 2,2 Bovet, D.P. og Cesati, M., Understanding the Linux kernel, O'Reilly, 2001.
  3. Rubini, A. og Corbet, J., Linux device drivers, 2. utg., O'Reilly, 2001.
  4. Torvalds , L., Hello everybody out there using minix, groups.google.com.
  5. Linux MAINTAINERS file[daud lenkje].
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 2. juli 2012 
  7. Weinehall, D., [ANNOUNCE] Linux-kernel 2.0.40 aka ``The Moss-covered Tortoise'&#39, 8/2-2004
  8. LATEST-IS-2.2.26 Arkivert 2012-07-13 ved Wayback Machine., ftp.kernel.org.
  9. Petersen, M.-C., Linux 2.2.27-rc2, 13/1-2005
  10. Petersen, M.-C., Linux 2.2.26, 25/2-2004-02-25
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «The Linux Kernel Archives». Kernel.org. Henta 30. oktober 2010. 
  12. «Linux 2 6 27 - Linux Kernel Newbies». Kernelnewbies.org. Henta 30. oktober 2010. 
  13. gitweb linux-stable.git summary[daud lenkje]
  14. 14,0 14,1 «Linux 3.0 promoted to long-term kernel, In brief - The H Open Source: News and Features». H-online.com. 14. januar 2012. Henta 27. mars 2012. 
  15. «Greg KH: Linux 2.6.32.58». LKML. 4. mars 2012. Henta 27. mars 2012. 
  16. «Stable kernel tree status, January 9, 2012». Greg Kroah-Hartman. 9. januar 2012. Henta 15. april 2012. 
  17. «Linux 2.6.32.58 - last kernel release». Greg Kroah-Hartman. 4. april 2012. Henta 15. april 2012. 
  18. «Linux 2.6.32.47». gmane.org. Henta 8. november 2010. 
  19. Annonsering av v. 2.6.35.14
  20. gitweb linux-stable.git summary[daud lenkje]