Oppvaskmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opna oppvaskmaskin med innhald
Oppvaskamaskin på cruiseskipet «Radiance of the Seas».

Oppvaskmaskin er eit teknisk apparat som kan brukast til å vaska tallerkenar, glas og bestikk og ein del andre ting nytta i samanheng med matservering og matlaging. Oppvaskmaskinar har gjerne form som kassar med ei luke framme som kan vippast ned. Norske oppvaskmaskiner er oftast av eintypen som ein plasserer på golvet under t.d. kjøkkenbenken, men det finst òg modellar som kan plasserast oppå ein benk. Tidsforbruket for eit vaskeprogram er litt avhengig av kva som skal vaskast, men 1 time er nokså normalt. Oppvaskmaskinen er rekna som ei kvitevare.

For restaurantar og storkjøkken er oppvaskmaskinane forskjellig utforma. Dei består av ein stor maskin som er delt i to delar. Han blir opna med eit handtak på den øvre delen, deretter set ein inn ei korg med det ein ynskjer reingjort. Denne typen oppvaskmaskin krev at ein førehandsskyller det ein skal reingjera, men til gjengjeld brukar han under eit minutt på å gjera jobben. Ein slik oppvaskmaskin blir ofte kalla «steamer».

Ein oppvaskmaskin bruker vanlegvis sirkulerande varmt vatn saman og oppvaskmiddel for reingjering.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste som fekk patent på ein oppvaskmaskin var ei sosietetskvinne frå Shelbyville i Illinois, Josephine Charis Cochran. Ho hadde sett set seg lei av at hushjelpen slumsa med oppvasken og knuste det dyre serviset hennar. Ho konstruerte ei maskin som fungerte, og tok patent på han i 1886. Cochran presenterte han på Verdsutstillinga i Chicago 1893, der ho fekk medalje.

Fru Cochran etablerte eit føretak, Cochran Manufactoring Company, som i dag heiter Whirlpool.[1]

Hygiene[endre | endre wikiteksten]

For å oppnå eit tilstrekkeleg hygienenivå på oppvasken (termisk desinfeksjon), har Mattilsynet gjeve føring om at vanlege hushaldsmaskiner må køyrast på eit program med ein temperatur på minimum 65 ºC og at programmet totalt varer i meir enn éin time.[2] Eksempelvis vil eit langt program på 60 ºC eller eit kort program på 65 ºC såleis ikkje vera tilstrekkeleg.

Industrioppvask[endre | endre wikiteksten]

Matindustrier og mjølkemaskiner må reingjera sine produksjonslinjer for å forhindra sjukdomar og ureiningar. For å gjera dette lèt ein varmt vatn på 80–90 °C sirkulera i tankar og røyranlegg, saman med eit sterkt oppvaskmiddel. For at heile fabrikken skal blir rein blir det kravd at alle ventilar blir sette i ein reingjeringsmodus. Ein kan seia at heile fabrikken blir ein slags oppvaskmaskin, det einaste som blir kravd er ei pumpe som kan gje høgt trykk og store mengder vatn.

Tankar kan enkelt vaskast ved at ein fører eit munnstykke ned i tanken som har ei roterande dyse som spyler vatnet i alle retningar.

Etter vask blir systemet skylt med kaldt vann fleire gonger for å reinsa ut dei sterke etsande kjemikalia som blir brukte som oppvaskmiddel. Normalt blir det brukt eit basisk oppvaskmiddel med ein pH på 13.

Brannfare[endre | endre wikiteksten]

Både vaskemaskinar og oppvaskmaskinar inneheld mykje brennbart material, og ein blir ikkje råda til å køyra dei utan at ein er heime og vaken.[3][4][5] Det kan oppstå eksplosive brannar som kan forårsaka husbrann, sjølv om vaskemaskina står på eit rom der golv, vegger og tak er dekte med betong eller gips.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oppvaskmaskin