Optical Race

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Optical Race
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve August 1988
Innspelt April og mai 1988, i Berlin og Wien
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 52:39
Selskap Private Music
Produsent Paul Haslinger, Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Livemiles
(1988)
Optical Race Miracle Mile
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Optical Race er det 35. albumet og 18. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeve i august 1988.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var det første albumet utan Christopher Franke sidan Alpha Centauri i 1971. Kontrakten deira med Jive Electro var òg over, og den attverande duoen Edgar Froese og Paul Haslinger signerte ein kontrakt med det Los Angeles-baserte Private Music, som vart starta av det tidlegare Tangerine Dream-medlemmet Peter Baumann i 1985.[2] Optical Race var det første albumet som kom ut på selskapet.

Det var òg første albumet av bandet som stort sett vart programmert på ein datamaskin, ein Atari ST med programvare frå Steinberg/Jones.

«Atlas Eyes» går i 5/4-takt. «Mothers of Rain» kom først ut to år før albumet kom ut. «Optical Race» vart framført av gruppa på det tyske fjernsynsshowet Wetten daß? i 1988. «Turning Off The Wheel» vart gjeven ut på ny på albumet Transsiberia i 1998 med tittelen «The Golden Horn».

Eit av spora på albumet, «Sun Gate», var komponert i lag med Ralf Wadephul som ein kort periode vart det tredje medlemmet i bandet.

For å marknasføre albumet, la Tangerine Dream ut på ein amerikansk turné i august og september 1988. Opptak frå konserten kom i 2003 ut som Rockface.

Nyinnspeling[endre | endre wikiteksten]

Heile Optical Race vart spelt inn på ny i 2002 som ein del av plateboksen The Melrose Years, i lag med nyinnspelingar av albuma Lily on the Beach (1989) og Melrose (1990). I mars 2009 vart nyinnspelinga gjeven ut som ei sjølvstendig utgjeving.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Marakesh»8:17
2.«Atlas Eyes»4:04
3.«Mothers of Rain»5:13
4.«Twin Soul Tribe»4:28
5.«Optical Race»3:13
6.«Cat Scan»5:35
7.«Sun Gate»4:44
8.«Turning Off the Wheel»6:11
9.«The Midnight Trail»5:54
10.«Ghazal (Love Song)»5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Christian Gstettner – studioteknikar
  • Monica Froese – konsept for plateomslag
  • Norman Moore – kunstnarisk leiar og design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Batdorf, Rodney. Optical RaceAllmusic
  2. Berling, Michael. «Optical Race». Voices in the Net. Arkivert frå originalen 11. oktober 2007. Henta 10. april 2013.