Stratosfear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stratosfear
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 1976
Innspelt 1976
Sjanger Elektronisk musikk, ambient
Lengd 35:39
Selskap Virgin
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi
Ricochet
(1975)
Stratosfear Sorcerer
(1977)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

Stratosfear er eit studioalbum frå 1976 av det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[2] Det markerer byrjinga på ei ny retning for bandet, der dei gjekk bort frå den kompromisslause eksperimenteringa på synthesizerar frå tidleg i 1970-åra mot ein meir melodisk stil, ein trend dei heldt fram med på Force Majeure i 1979. Tittelsporet «Stratosfear» er mykje spelt på konsertane deira og har vorte miksa på ny for mange andre album.

Stratosfear kombinerer dei akustiske og elektroniske inspirasjonskjeldene til Tangerine Dream tettare enn dei hadde gjort før. Til dømes kan ein på siste sporet, «Invisible Limits» høyre ein djup piano/fløytemelodi med ein meir romantisk smak enn dei tidlegare syntetiske komposisjonane.

Plata nådde 39. plass på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i fire veker og selde etter kvart til sølvplate for 60 000 eksemplar.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Stratosfear»   10:04
2. «The Big Sleep in Search of Hades»   4:45
3. «3 A.M. at the Border of the Marsh From Okefenokee»   8:10
4. «Invisible Limits»   11:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Stratosfear» – «The Big Sleep In Search Of Hades»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. Berling, Michael. «Stratosfear». Voices in the Net. http://www.voices-in-the-net.de/stratosfear.htm. Henta 9. april 2013. 
  3. «Certified Awards». BPI. Arkivert frå originalen den 2008-04-09. http://web.archive.org/web/20080409172614/http://bpi.co.uk/platinum/platinum.html. Henta 9. april 2013.