Oskar Lindberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oskar Lindberget
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1895
Hof kommune
Død

10. februar 1983 (87 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Paul Oskar Lindberget (6.august 189510. februar 1983) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Hof i Hedmark. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1950 til 1961.

Lindberget var skogsarbeidar og småbrukar i heimbygda frå 1910 til -30. I 1930 reiste han til Sovjetsamveldet og studerte jord- og skogbruk i eitt år. Frå 1931 var han gardbrukar i Våler i Hedmark.

I 1926 var Lindberget med å skipe Solør-Odal Landarbeiderforbund, året etter Norsk Skog- og Landarbeiderforbund. Perioden 1937-41 var han medlem i Våler heradsstyre, og samstundes formann i jordstyret. Han var formann i Hedmark bonde- og småbrukarlag i 26 år, 1940-66, og i Hedmark landbruksselskap frå 1946 til -56. Varaordførar i Våler 1945-47.

Åra 1949-53 var Lindberget med i Arbeidarpartiet sitt landsstyre. Ved stortingsvalet hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for Hedmark og Arbeidarpartiet. Med to attval vart han sitjande på Tinget til hausten 1961, heile tida var han medlem i justiskomiteen.

Lindberget var ein «særs eldhuga og uredd talsmann for småbrukarane og skogsarbeidarane.[1]

Kjelder og notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok VIII:141