Otto Torgersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Otto Torgersen (19102000) var ein norsk arkitekt (mnal).

Torgersen hadde utdanning innan reklame og vidareutdanna seg sidan til arkitekt i Storbritannia. Etter å ha vore assistent for Christian Prans i Bondeorganisasjonenes reklamebyrå, starta dei to eit eige byrå, «Pran og Torgersen reklamebyrå», då bondeorganisasjonane ikkje lenger hadde bruk for dei.

Arkitekt Pran var i den tida med i ulike arkitektkonkurransar, og vann første-, andre- og tredjepris i arkitektkonkurransen om sørfløya på Den Tekniske Høyskolen i Trondheim. Han vann òg førsteprisen i arkitektkonkurransen om Norges Idrettshøgskole ved Sognsvann i Oslo. Dette førte til at firmaet blei delt i to, «Christian Pran og Otto Torgersen, arkitekter mnal» og «Pran og Torgersen reklamebyrå».

Ei tid etter at Christian Pran døydde ved byrjinga av 60-talet kjøpte Otto Torgersen ut firmaet av familien Pran. Reklamebyrået fortsette under same namn, men arkitektkontoret skifta namn til «Otto Torgersen arkitekt mnal».

Sørfløya på Den Tekniske Høyskolen i Trondheim blei først gjennomført, deretter Norges Idrettshøgskole i 4 byggetrinn.

Innhaldsliste

Verk [endre]

Føre 1965 [endre]

  • Norsk Teknisk Museum på Etterstad under leiing av arkitekt mnal Leiv Storli (seinare flytta til Stilla, prosjektert av ein annan arkitekt).
  • NIH Norges Idrettshøgskole, byggetrinn 1, under leiing av arkitekteae mnal Gjertsen og Leif Myklebust: 3 gymnastikksaler.
  • Villa på Kolbotn, Frøyas vei 11 B

1965–1968 [endre]

  • Norsk Matcentrum i Indexbygget (nedlagt).
  • Norsk Hjemmefrontmuseum under leiing av arkitektane mnal Rolv Ø Enge, Leiv Storli og seinare interiørarkitekt MNIL Eiliv Gjessing.
  • NTH Norges Tekniske Høgskole i Trondheim Sydfløyen Store Auditorium med tilstøytande areal.
  • NIH Norges Idrettshøgskole, byggetrinn 2, under leiing av arkitekt mnal Leif Myklebust: Symjehall, sentralbygg
  • Enebolig Tore Stabell-Johansen under leiing av arkitekt mnal Leiv Storli.
  • «Form og Flora», Frognerparken: Inngangs-utstillingsbygning under leiing av arkitekt mnal Leiv Storli

1976–1988 [endre]

  • Norsk Hydro A/S - forskningssenter Herøya: under leiing av arkitektane mnal Knut Tangen.
  • Kon-Tiki-museet utviding (RA II): under leiing av interiørarkitekt mnil Gro Bjerke og arkitekt Terje Sundgot-Hansen.
  • Kløvergården (gml. Morgenbladets gård), Lille Grensen 7: Etter forslag nybygg, under leiing av arkitekt mnal Leiv Storli, full rehabilitering og ombygging av eksisterande bygg.
  • NIH - Norges idrettshøgskole, Sognsvann, byggetrinn 3 (idrettshallen) under leiing av arkitekt mnal Leif Myklebust:
  • NORCEM: Møterom til fabrikkane i Rødskjær, Fredrikstad, Hønefoss, Kjøpsvik, Slemmestad og Vang: uttegnet av interiørarkitekt MNIL Eiliv Gjessing.
  • Hotell Ibsen, Skien: Diskotek og toalettanlegg under leiing av arkitekt mnal Erik Gløersen)
  • Helikopterservice Logo og helikopterdekor
  • Einebustad Gudveig Tjensvold og Einar Johannessen, Blommenholm: under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen)
  • Pran & Torgersens eige hus i Oscarsgate 44: Oppbygging etter brann
  • Karl Johans gate 45 («Landkredittgården» tidl. «Grosch-gården»): Rehabilitering/restaurering/ombygging/(påbygging mot Universitetsgata) under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen.
  • Bø kraftverk: Totalprosjektering ombygging: under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen.
  • Bø kommunehus, kommunestyresalen: Forslag ny belysning: under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen)
  • Bø bygdemuseum: Forslag bevaringsplan: under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen.
  • Bank 1 Kjøbmannsbanken: Innreiing: under leiing av arkitekt mnal Erik Gløersen.
  • Sunnmørsbankens Oslokontor: Innreiing: under leiing av arkitekt mnal Erik Gløersen.
  • Grini gård, Hurum: Ombygging hovudbygning:
  • Arkitektkonkurranse «Haugesund, byen og fjorden» - under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen.
  • EB - Elektrisk byrå - Billingstad: Forslag møblering kontorplaner (til kontorlandskap): under leiing av arkitekt mnal Knut Tangen.
  • Dessutan gjennom fleire år fleire Esso-stasjonar

Pran & Torgersen arkitektkontor er no nedlagt, men reklamebyrået Pran & Torgersen var i drift fram til det gjekk konkurs i 2009.

Mellom kundane åt reklamebyrået kan nemnast Fellesmeieriet (den første kløverdekoren), Prior, Fellesslakteria, Norske Leca.