PDA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den medfødde hjartefeilen PDA, sjå Ductus arteriosus.
PDA i aliminiumsetui

PDA, forkorting for Personal Digital Assistant eller Personleg Digital Assistent, er ei lita personleg datamaskin som mellom anna kan halde orden på avtalar og kontaktar. Maskinen er og ofte kalla ein «digital filofax», og dei fleste har pennbasert inndata. Tidlege versjonar hadde enkle funksjonar som kalkulator, avtalebok og adressebok. I tillegg kunne ein legge inn eit begrensa antal program på maskina på det faste minnet som var på under ein megabyte. Moderne maskiner har prosessorar som kan samanliknast med datamaskiner frå få år tilbake, og kan ofte spele film, musikk og 3D-spel.

Operativsstem[endre | endre wikiteksten]

Apple var dei første å lansere personlege hjelpemaskinar med sine Newton-maskiner, men desse var ikkje særleg kommersielt vellykka og vart avvikla. Palm kom så på bana og dominerte markedet i lengre tid, fram til nyleg då Microsoft PocketPC byrja å ta over markedet. Psion var og ein vesentleg produsent med sine avlange maskiner med fullstendig qwerty-tastatur i markedet framtil dei vart meir eller mindre utkonkurrert av Palm og Microsoft. Psion sitt operativsystem Symbian er nå dominerande i Smarttelefon-markedet. Linux har òg eit operativsystem for PDA-maskiner og Smarttelefonar; dette er nytta i blant anna Sharp sine maskiner for den japanske marknaden, der dei har nytt stor suksess.