PISA
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For målemetoden i hjarteunersøkingar, sjå PISA i ekkokardiografi
PISA står for Programme for International Student Assessment, og er eit internasjonalt forskningsprosjekt i regi av OECD. Føremålet er å måle kva kunnskap skuleelevar har i lesing (i morsmålet),matematikk og naturfag, og det er elevar i 15-årsalderen som vert testa. Studien vert gjennomførd kvart tredje år med ulik vekt på dei tre kunnskapsområda. I 2000 var det lagt vekt på lesing, i 2003 på matematikk og i 2006 på naturfag. Resultata vert publiserte om lag eitt og eit halvt år i etterkant av den tida testane vert gjennomførde.
I Noreg er Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling ved Universitetet i Oslo prosjektansvarleg.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
OECD har sett i gang PISA for å fremje grunnleggjande dugleikar som ein meiner trengst for å fungere i eit moderne samfunn. Utgangspunktet er at ein meiner utdanning og skule utgjer investeringar for framtida. Dette utgangspunktet må sjåast i samanheng med føremålet åt OECD om å fremje økonomisk samarbeid og vekst.
Lesing er valt som kunnskapsområde av di det utgjer ein basis for andre former for skulefagleg kompetanse. Naturfag og matematikk er valde av di desse faga vert sedde på som særleg viktige i samfunn som er avhengige av vitskapleg og teknologisk utvikling.
På same tid fokuserer PISA på breiare og meir integrerte former for kunnskap enn som har vore vanleg i andre testar. Difor legg ein opp til oppgåver som er meinte å vere røyndomsnære og knytte til aktuelle situasjonar i moderne samfunn. PISA prøver òg å kartleggje òg læringsstrategi, motivasjon og sjølvsoppfatning hjå elevane. Testane inneheld òg spørsmål som gjeld arbeidsmiljø i klasserommet.
OECD har eit skulepolitisk mål om at PISA skal gje ulike styresmakter kunnskap om sterke og svake sider ved læreplanar og læringsresultat i dei ulike landa.
[endre] PISA-oppgåvene
Det vanlege i ei PISA-oppgåve er at ein får presentert ein tekst frå ei avis, ein brosjyre eller eit tidsskrift, og skal svare på spørsmål knytte til teksten. Det gjer at oppgåvene vert teksttunge, og det tek tid før ein kjem til spørsmåla i oppgåvene. På den måten skil PISA-spørsmåla i matematikk og naturfag seg frå dei oppgåvene ein møter i skulen. Sidan oppgåvene er teksttunge vert dessutan dei som er gode til å lese, favoriserte, og ein testar ikkje evna elevane har til å handtere utfordringar som ikkje er tekstbaserte, t.d. praktiske og tekniske utfordringar. Ein kritikk har blant anna vore at tekstane har tung språkføring, blant anna fordi formuleringane skal vere mest mogleg identiske i dei ulike landa. På den måten verkar ikkje tekstane så autentiske heller.
Det er berre eit utval av oppgåvene frå PISA som er gjorde offentlege. Dermed er det ikkje råd for forskarsamfunnet utanfor PISA-forskarane å gå datagrunnlaget etter i saumane.
[endre] Resultat
I naturfag skårar elevar frå Finland høgast av alle landa. Norden markerer seg elles dårleg, og Noreg kjem aller dårlegast ut av dei nordiske landa.
I lesing gjer Finland og Sør-Korea det best, medan Noreg ligg under gjennomsnittet for OECD. Noreg gjorde det i 2006 endå dårlegare enn både i 2003 og 2000.
I matematikk er det òg Finland som gjer det best, og av dei dei 10 beste landa er 5 frå Aust-Asia. Noreg kjem under gjennomsnittet for OECD.
Dei dårlege resultata for Noreg har vekt mykje merksemd i norsk politikk og norske medium. Då Kristin Clemet var utdanningsminister frå 2001 til 2005 vart resultata frå PISA brukte som argument for at det trongst radikale endringar i norsk skule. Også den sosialdemokratiske regjeringa har gitt fleire referansar til PISA. Under nyttårstalen 1. januar 2008 kommenterte statsminister Jens Stoltenberg PISA-resultata med at "Regjeringen har oppfattet beskjeden. Vi vil gå grundig gjennom de reformene som er gjennomført i skolen de siste årene."
[endre] Lesing blant norske elevar
Leseprestasjonane til norske elevar i PISA viser seg å vere knytte til oppgåver og ikkje til heile tekstar. Den norske PISA-rapporten frå 2007 viser at norske elevar gjorde det dårleg på oppgåver som kunne karakteriserast som "vaksne" eller "keisame". At finske elevar gjorde det mykje betre på slike oppgåver vert i rapporten grunngjeve med at "finske elever står på og jobber like hardt med kjedelige oppgaver som med morsomme".
[endre] Kjønn
Noreg er eitt av landa der kjønnsforskjellane i lesing er størst, og jentene gjer det monaleg betre enn gutar. Kjønnsforskjellen har auka sidan PISA-testane tok til.
Generelt i PISA er der småe skilnader mellom kjønna i matematikk og naturfag. Dette er spesielt i høve til andre granskingar der gutar skårar høgare i naturfag. Det vert vist til at dei teksttunge oppgåvene i PISA verkar til fordel for jentene der, av di jenter generelt gjer det mykje betre enn gutar i lesing.
[endre] Kritikk
Ein kritikk av PISA er at testane berre målar visse typar kunnskap knytte til matematikk, naturfag og lesing. Det siste momentet gjer at testen ikkje kan brukast som målestav for kunnskapstilstanden som heilskap, t.d. i norsk skule. Det må i denne samanhengen påpeikast at norsk skule har fått eit samfunnsoppdrag i form av læreplanar, og at PISA ikkje er i samsvar med norske læreplanar. Det vert dermed høgst problematisk å bruke PISA til å vurdere om norsk skule fungerer etter intensjonane.
Det viser seg dessutan at landa som har best resultat i dei tre kunnskapsområda i PISA viser seg å ha elevar med låg sjølvtillit og negativt syn på faget. Norske elevar har, ut frå dei same granskingane, relativt høg sjølvtillit og trivst bra på skulen.
Eit anna anna aspekt er at datamaterialet i PISA ikkje er ope, og det er dermed ikkje så lett å kontrollere for resten av forskarsamfunnet .
Det må vidare påpeikast at på grunn av trongen for internasjonale samanlikningar skal testen ha om lag identiske formuleringar i kvart enkelt land. Det skaper tunge formuleringar og spørsmålsstillingar som kan vere framande for ulike skulekulturar.
[endre] Eksterne lenkjer
- Den norske PISA-sida
- Den internasjoonale PISA-sida
- Rindermann, Heiner. 2007. The g-factor of international cognitive ability comparisons: the homogeneity of results in PISA, TIMSS, PIRLS and IQ-tests across nations. European Journal of Personality, 21, 667-706 [1]
- Sjøberg, Svein. 2007. Internasjonale undersøkelser: Grunnlaget for norsk utdanningspolitikk. I Hølleland, Halvard. "På vei mot Kunnskapsløftet." Oslo. Cappelen. [2]

