Pablo Picasso
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pablo Picasso (25. oktober 1881–8. april 1973) var ein spansk kunstnar som hadde stor innverknad på europeisk kunst på 1900-talet.
Saman med Georges Braque utvikla han ein eigen målarstil, kubismen. Måleria hans er blitt verdskjende og blir slede for svært høge summar. Picasso skapte kunst i nesten 80 år, med ein anslått produksjon på over 20 000 verk. Dei best kjende måleria hans er Les Demoiselles d'Avignon (1907) og Guernica (1937).
Picasso var født i Málaga i Spania som Pablo Diego José Francisco de Paula Juan Nepomuceno María de los Remedios Cipriano de la Santísima Trinidad Martyr Patricio Clito Ruiz y Picasso.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pablo Picasso» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2008.
Bakgrunnsstoff [endre]
