Etymologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etymologi (frå gresk ἐτυμολογία ‘læra om den sanne tydinga til ord ifølgje avleiinga’, dana av ἔτυμος étymos ‘verkeleg, sann; den sanne, verkelege tydinga til eit ord ifølgje avleiinga’ og -λογία ‘lære’, av λόγος lógos 'ord, tale’) er læra om eller studiet av opphavet til orda og korleis dei har utvikla seg gjennom tidene, både når det gjeld form og tyding. Etymologien til eit ord vil difor i praksis ofte anten seie oss kva form og tyding vi trur den opphavlege ordstammen hadde eller kva framandspråk ordet er lånt inn frå. For norsk og mange andre språk finst det spesielle etymologiske ordbøker som kan gi oss slike opplysningar.
Innhaldsliste |
[endre] Arveord og lånord
For studiet av etymologi og for historisk og samanliknande språkvitskap meir allment er skiljet mellom arveord og lånord heilt grunnleggjande. Eit arveord er eit ord som har vore ein del av ordtilfanget i eit språk frå dei eldste tider, medan eit lånord på eitt eller anna tidspunkt har kome inn frå eit anna språk. Døme på arveord i norsk er bror, dotter, far og mor, som er nedarva frå det indoeuropeiske grunnspråk, i motsetnad til lånorda sjarm, sjekk og sykkel, som har blitt overteke frå andre språk:
- Bror, norrønt bróðir, er nedarva frå indoeuropeisk *bhréH2ter- 'bror' (Bjorvand og Lindeman 2007).
- Dotter, norrønt dóttir, er nedarva frå indoeuropeisk *dhugHtér- 'dotter' (Bjorvand og Lindeman 2007).
- Far, norrønt faðir, er nedarva frå indoeuropeisk *pHtḗr- 'far' (Bjorvand og Lindeman 2007).
- Mor, norrønt móðir, er nedarva frå indoeuropeisk *mātér- eller *meH2tér- 'mor' (Bjorvand og Lindeman 2007).
- Sjarm er lånt frå fransk charme ‘tauvring, trolling; ynde, hugtakande drag’ (Raknes 1939-1942), eit fransk arveord som kjem av latin carmen ‘song, trollbøn’ (Nynorskordboka).
- Sjekk er lånt frå engelsk check ‘sjekk; sjakk; hindring’, eit lånord også i engelsk, med same etymologi som norsk sjakk ‘brettspel med brikker (offiserar og bønder) for to personar’ (Nynorskordboka), lånt frå persisk شاه šāh ‘sjah, konge; (i sjakkspel) konge’.
- Sykkel er lånt frå engelsk cycle, der det er ei forkorting for bicycle ‘tohjular’ (Nynorskordboka). Prefikset bi- er lånt frå latin bi- 'tvi-', medan cycle er lånt (via fransk og latin) frå gresk κύκλος kýklos 'krins, ring, hjul'.
[endre] Etymologisk slektskap
Det norske arveordet dotter er etymologisk beslekta med mellom anna det persiske arveordet doxtar دختر 'dotter', fordi begge orda er nedarva frå *dhugHtér- 'dotter' i det indoeuropeiske grunnspråket (Bjorvand og Lindeman 2007). Etymologisk slektskap mellom eit arveord X i språk A og eit arveord Y i språk B føreset at språk A og B tilhøyrer den same språkfamilien, slik at arveorda X og Y er nedarva frå eit ord Z i det grunnspråket som språk A og B har utvikla seg frå. Norsk er eit germansk språk og persisk eit indoiransk språk, og germansk og indoiransk er to av greinene i den indoeuropeiske språkfamilien.
I den historiske utviklinga frå Z til X og Y kan det ha skjedd ei lang rekkje fonologiske og semantiske endringar, slik at det ikkje utan vidare er lett å sjå at X og Y har noko med kvarandre å gjere. Likskapen er med andre svært ofte mykje mindre enn mellom norsk dotter og persisk doxtar دختر 'dotter'. For å slå fast at eit ord X i språk A og eit ord Y i språk B faktisk er etymologisk beslekta, må ein kunne vise at både X og Y står i eit regelrett fonologisk tilhøve til ord Z i grunnspråket. Dersom ein ikkje fylgjer dette prinsippet strengt, kan ein lett kople i hop ord (i to ulike språk) som ikkje har noko med kvarandre å gjere etymologisk. Det er nærliggjande å tru at det latinske verbet habēre 'ha' og det tyske verbet haben 'ha' er etymologisk beslekta, sidan både uttale og tyding er påfallande lik, men det er dei ikkje. Tysk er eit germansk språk og latin eit italisk språk og germansk og italisk er to greiner av den indoeuropeiske språkfamilien, men dei regelrette fonologiske korrespondansane mellom tysk og latin er mellom anna slik at ein tysk h og ein latinsk h i kan ha same etymologiske opphav. Tysk h har utvikla seg frå indoeuropeisk *k, medan latinsk h kjem av indoeuropeisk *gh. Går vi haben og habēre nærmare etter i saumane, viser det seg at tysk haben er etymologisk beslekta med latin capere 'gripe, ta' (begge kjem av indoeuropeisk *kH1p-), medan latin habēre er etymologisk beslekta med tysk geben 'gje' (begge kjem av indoeuropeisk *ghebh-).
For den historisk-komparative språkvitskapen er arveord mykje viktigare enn lånord. Arveorda er det materiale ein nyttar for å påvise slektskap mellom språk, medan lånorda konsekvent må haldast utanfor. Dei nordsamiske orda gussa /kussa/ 'ku', gáica /kaaj:htsa/ 'geit' og sávza /saav:tsa/ 'sau' – og dei tilsvarande sørsamiske govse 'ku', gaajhtse 'geit' og saavhtse 'sau' – liknar dei tilsvarande norske orda, men dei samiske orda er lånord frå urnordisk. Dei har kome så tidleg inn i samisk at ein kan rekonstruere ursamisk *kusǝ 'ku' og *sa:vʦǝ 'sau',[1] lånte frå urnordisk *kūʀ 'ku' og *sauðiʀ 'sau' (Bjorvand og Lindeman 2007).
[endre] Etymologiske ordbøker
[endre] Norsk
Den mest omfattande etymologiske ordboka på eit nordisk språk er Våre arveord. Etymologisk ordbok (1430 sider), som Harald Bjorvand, professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo og Fredrik Otto Lindeman, professor emeritus i samanliknande indoeuropeisk språkforsking ved Universitetet i Oslo fyrste gongen gav ut i 2000, med ei utvida og omvølt utgåve i 2007. Frå før hadde vi Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (1903-06) av Hjalmar Falk og Alf Torp, som no er forelda.
[endre] Samisk
Sámegielaid etymologalaš diehtovuođđu[2] er ei nordsamisk etymologisk ordbok på internett. Her finn ein etymologiske motsvar i alle samiske språk og alle uralske språk, samt ei rekkje rekonstruksjonar, frå ursamisk til ur-uralsk. Av eldre litteratur kan nemnast ordlista i Itkonen (1969), som inneheld mykje nyttig etymologisk informasjon for nordsamisk. Collinder (1977) er nyttig for alle uralske språk. Lehtiranta (1989) har ursamiske rekonstruksjonar og former frå ni samiske språk.
[endre] Finsk
For finsk er det nyaste verket Häkkinen (2004), eit verk på 1633 sider. Frå før finst sjubandsverket Toivonen (1955-81).
[endre] Romani
Iversen (1944) inneheld mykje etymologisk informasjon om ordtilfanget i romani, både om arveord og lånord.
[endre] Bibliografi
- Bjorvand, Harald og Fredrik Otto Lindeman 2007. Våre arveord. Etymologisk ordbok. Revidert og utvidet utgave. Oslo: Novis forlag.
- Collinder, Björn 1977. Fenno-Ugric Vocabulary. An Etymological Dictionary of the Uralic Languages. Hamburg: Helmut Buske Verlag.
- Falk, Hjalmar og Alf Torp 1903-6. Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Kristiania: Aschehoug.
- Häkkinen, Kaisa 2004. Nykysuomen etymologinen sanakirja. Helsinki: WSOY.
- Itkonen, Erkki 1969. Lappische Chrestomathie mit grammatikalischem Abriss und Wörterverzeichnis. 2te Auflage. (Apuneuvoja suomalais-ugrilainen kielten opintoja varten. Hilfsmittel für das Studium der finnisch-ugrischen Sprachen. VII.) Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura.
- Iversen, Ragnvald 1944. The Romany Language in Norway. Secret Languages in Norway - Part I. (Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Hist.-Filos. Klasse. 1944. No. 3.) Oslo, i kommisjon hos Jacob Dybwad.
- Lehtiranta, Juhani 1989. Yhteissaamelainen sanasto. (Suomalais-ugrilainen seuran toimituksia. Mémoires de la Société Finno-ougrienne. 200.) Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura.
- Nynorskordboka på nettet: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek_nynorsk.html
- Raknes, Ola 1939-1942. Fransk-norsk ordbok. Oslo: Noregs Boklag.
- Toivonen, Y. H. 1955-81.Suomen kielen etymologinen sanakirja. 7 band, 2293 sider. (Tutkimuslaitos "Suomen suvun" julkaisuja 312.) Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura.