Palmyra-atollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordstranda på Palmyra-atollen.

Palmyra-atollen er ein atoll på 12 km² i Nord-Stillehavet som er underlagt USA. Dei siste tiåra har ulike forskarar, naturvernarar og andre arbeidsfolk opphalde seg her, toppen 20 personar. Dei fleste av øyane i atollen er samanhengjande, men nokre er også frittliggjande. Den største øya er Cooper Island.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Palmyra vart oppdaga fyrste gongen i 1758 av kaptein Edmund Fanning, som var på veg frå USA til Asia. Atollen fekk namnet Palmyra i 1802 då «USS Palmyra» leid skipbrot på revet. I 1859 la USA under seg øyane i håp om å finna guano som kunne brukast til gjødsel i jordbruket. Då ein ikkje fann noko, vart atollen gjevne til kongeriket Hawaii i 1862. Palmyra skifte eigar mange gonger fram til 1900, då det vart ein del av provinsen Hawaii underlagt USA.

Ei flystripe vart bygt på Palmyra av den amerikanske marinen i 1930-åra, men vart i stor grad øydelagt under andre verdskrigen. I dag finst her ein liten flyplass på Cooper Island, Palmyra (Cooper) Airport. I etterkrigstida har Palmyra-atollen fått større interesse blant naturvernarar, som forskar på El Niño-effekten, global oppvarming, korallrev som forsvinn etc.

Palmyra-atollen er også kjend for ei drapssak frå 1974 som vart kjend i USA som «The Sea Wind Murders».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]