Hawaii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
State of Hawaii
Moku‘āina ‘o Hawai‘i
Delstatsflagg for Hawaii Delstatsvåpen
Kallenamn: The Aloha State
Sambandsstaten Hawaii
Hovudstad Honolulu
Største by Honolulu
Guvernør Linda Lingle
Offisielle språk Hawaiisk og engelsk
Storleik 28 337 km²
 - Areal, land 16 649 km²
 - Areal, vatn 11 672 km² (41,2%)
Folketal (2000) 1 211 537
Folketettleik 42,75 /km²
Sambandsstat sidan 21. august 1959
Forkorting HI

Hawaii (hawaiisk Hawai‘i) er ei øygruppe i Stillehavet og ein delstat i USA. Hovudstaden og største by er Honolulu. Hawaii blei ein amerikansk delstat den 21. august 1959, og er dermed den nyaste i USA.

Delstaten har rundt 1,26 millionar innbyggjarar (2003) og to offisielle språk: det polynesiske hawaiisk og hawaii-engelsk, med hawaii-pidgin som eit uoffisielt hovudspråk.

Hawaii er òg den einaste øystaten i USA, og den einaste som framleis er i vekst, på grunn av vulkansk aktivitet. Delstaten er sett saman av ei 2 450 km lang kjede av øyar og atoll. Åtte av øyane er relativt store: øya Hawaii, Kahoolawe, Maui, Lauai, Molokai, Oahu, Kauai og Niihau.

Øyane har tropisk klima og fine strender, og det kjem mange turistar frå fastlands-USA og Japan.

Strand og turisthotell på Oahu.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vulkanøyane[endre | endre wikiteksten]

Utbrot frå vulkanen Puʻu ʻŌʻō

Øyane er blitt til gjennom vulkanaktivitet, truleg på grunn av den nordvestlege rørsla til den tektoniske Stillehavsplata. Fleire vulkanar er fortsatt aktive, og nye oppstår stadig. I følgje hawaiiansk tradisjon er det vulkangudinna Pele som står for utbrota.

Dei høgaste fjella på Hawaii er Mauna Kea (4 205 m. o. h.) og vulkanen Mauna Loa (4 176 m. o. h.)

Byar[endre | endre wikiteksten]

Den største byen HonoluluOahu har rundt 372 000 innbyggjarar (2003). Neste i rekkja er Hilo, største byen på øya Hawaii, der det bur 41 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antropologiske teoriar går ut på at polynesarar frå Marquesas og Selskapsøyane først gjekk i land på Hawaii for 1500 år sidan. Desse første busetjarane halde på minna om migrasjonen gjennom munnleg overlevering. Dei hadde lite kontakt med andre polynesiske grupper i denne tidlege migrasjonsfasen, og utviklinga av Hawaii til eit innvikla samfunn fann stad så godt som isolert.

Ulike uklåre rapportar frå europeiske oppdagarar kan tyda på at Hawaii blei oppdaga før 1778, men dette året fann James Cook og mannskapet hans utan tvil øygruppa. Dei skreiv ned dei geografiske koordinatane og gav Hawaii namnet Sandwichøyane til ære for jarlen av Sandwich, John Montagu, som hadde hjelpt han økonomisk med reisa.

Tendensen på øyane hadde vore at eit stadig minkande tal hovdingar blei herskarar over stadig større rike. Ein serie krigar som tok slutt i 1795, og fredeleg overgjevnad av Kauai i 1810, førte til at øyane blei sameinte til eitt rike. Den nye herskaren blei kalla Kamehameha den store. Etterkomarane hans skulle herska over øyriket fram til 1893, då eit USA-støtta kupp avsette dronning Lili'uokalani og gjorde øyriket til ein uavhengig republikk.

USA annekterte Hawaii den 7. juli 1898 som eit amerikansk territorium. Over seksti år seinare, i 1959, fekk det status som delstat.

Kjende folk frå Hawaii[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i USA USA sitt flagg
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Vest-Virginia | Virginia | Washington | Wisconsin | Wyoming
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C.