Pamela Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pamela Anderson
Pamela Anderson 3.jpg
Fødenamn Pamela Denise Anderson
Alias Pamela Anderson Lee
Pam Anderson
Fødd 1. juli 1967 (47 år), Ladysmith i British Columbia i Canada
Yrke Skodespelar, fotomodell, aktivist, forfattar
Aktive år 1989–nu
Organisasjon People for the Ethical Treatment of Animals (dyrerettar)
Høgd 1,70 m
Vekt 48 kg

Pamela Denise Anderson (fødd 1. juli 1967 i Ladysmith i British Columbia i Canada) er ein canadisk-amerikansk skodespelar, forfattar, fotomodell og aktivist.

Karriere og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Anderson vart verdskjent for rolla som badevakta C.J. Parker i TV-serien Baywatch. Ho har òg spelt i suksessfulle filmar som Scooby Doo (2002) og Scary Movie 3 (2003). Ho har sidan medverka i mange andre filmar og TV-seriar, og ho har vore Playboy-modell. Karrieren hennar i Playboy spenner over tre tiår, og ho har dukka opp på fleire Playboy-tidsskrift enn nokon annan modell.[1]

Anderson er eit aktivt medlem av dyrevernorganisasjonen People for the Ethical Treatment of Animals (PETA), og har delteke i fleire kampanjar for dyr sine rettar.[2][3] Ein av kampanjane hennar som medlem av PETA har vore mot bruk av pels. I 2003 strippa Anderson for PETA-kampanjen «I'd Rather Go Naked Than Wear Fur». Ho er også vegan.[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Pamela Anderson har både amerikansk og canadisk statsborgarskap.[5]

Anderson gifta seg med musikaren Tommy Lee, kjent som trommeslagar i bandet Mötley Crüe, i 1995. Paret søkte om skilsmisse to gonger, før dei tidleg i 1998 endeleg gjorde det slutt. Saman fekk dei to søner, Brandon Thomas (fødd i 1996) og Dylan Jagger (fødd i 1997).

Anderson var gift med Kid Rock frå 2006 til 2007) og med Rick Salomon frå 2007 til 2008, då ekteskapet blei annullert. Ho annonserte at dei hadde gifta seg igjen i januar 2014.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Casino City Times. Vitja 27. februar 2009.
  2. Pamela Anderson'’s Vegan Diet. Vegnews.com. Vitja 1. februar 2011.
  3. I'd Rather Go Naked Than Wear Fur. Feministezine.com. Vitja 7. juli 2012.
  4. Pamela Anderson Diet Secrets. Shapefit.com. Vitja 26. februar 2007.
  5. Pamela Anderson became U.S. citizen. Moono.com (15. april 2004). Vitja 26. april 2007.
  6. «Pamela Anderson Remarries Rick Salomon - See the Wedding Ring!», justjared.com (11 JANUARY 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pamela Anderson