Paragraf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paragraf (forkorta §) (frå gresk paragraphos, skrive ved sidan av, lagt til) er ein avgrensa del av eit regelverk.

Omgrepet blir brukt når ein lagar lover, føresegner, vedtekter, traktatar og likande. Kvar paragraf tar for seg ein avgrensa del av dei mange reglane som eit større regelverk består av. Kvar paragraf kan bestå av fleire avsnitt, i norsk lovspråk kalla ledd, som igjen kan bestå av mange setningar, i norsk lovspråk kalla punktum. Kvar paragraf kan også innehalde nummererte underpunkt og/eller bokstavar.

I eit større regelverk vil vanlegvis fleire paragrafer vere samla i eit kapittel, der paragrafane handlar om liknande problemstillingar.