Lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om lov i juridisk tyding. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå vitskapleg lov.
Siste sida av Codex Runicus som inneheld ein versjon av Skåneloven.

Lov (frå norrønt lǫg, frå lag, 'det som er lagt, fastsett') er ein rettsregel som fastset rettar og plikter. Ein formell lov er ein skriven rettsregel laga av den lovgjevande makta i eit land.

I moderne tid er lovar som oftast nedskrivne, slik at sedvanerett ikkje er rekna som del av lovane. Tradisjonelt har ein ofte brukt munnleg lovoverføring, der lovane ikkje er skrivne ned, men likevel ligg fast.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Norske lovar er samla i Norges lover.

I Noreg er ei lov definert som ein generell rettsregel gjeven av Stortinget etter reglar heimla i den norske grunnlova.

Lovar vedtekne til og med 1968 vert identifiserte med sanksjonsdato, og eit tal dersom det vart vedtekne fleire lovar same dag. Lovar vedtekne frå og med 1969 vert identifiserte med årstal og eit stigande nummer gjennom kalenderåret.

Saksgangen fram mot lovvedtak[endre | endre wikiteksten]

  • Regjeringa si førebuing
  1. I større og særleg viktige lovsaker oppnemner Regjeringa eit utval. Utvalet greier ut om faktiske tilhøve og rettslege problemstillingar. Utgreiinga og eit utkast til lov vert levert i form av ein NOU eller ein rapport til det departementet sakstypen normalt sorterer under.
  2. Departementet sender lovutkastet til andre relevante departement og organisasjonar til høyring.
  3. I saker der ein har ein NOU og høyringsuttalar frå organisasjonar vert NOUen samanfatta med uttalane og departementet sine eigne kommentarar i ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.) I mindre lovsaker utarbeider departementet direkte eit lovframlegg i form av ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.).
  4. Kongen i statsråd (Regjeringa) vedtek proposisjonen og sender han vidare til Stortinget for handsaming.
  • Stortinget si handsaming
  1. Den relevante fagkomiteen vurderer proposisjonen og gjev eventuelt kommentarar med innstillinga til Odelstinget (Innst.O.).
  2. Odelstinget vurderer lovsaka og fattar vedtak. (Forh.O.)
  3. Lagtinget vurderer lovsaka og fattar i utgangspunktet endeleg vedtak. (Forh.Lt.) Dersom Lagtinget ikkje sluttar seg til Odelstinget sitt vedtak legg det ved «Lagtinget sine merknader» og sender saka attende til Odelstinget. Dersom det er usemje mellom Lag- og Odelsting to gonger må lovsaka opp til plenumsvotering i Stortinget, og krev 2/3 fleirtal for å verte vedteke.
  • Kongen i statsråd (Regjeringa) sin sanksjon
  1. Kongen signerer og statsministeren kontrasignerar vedtaket.
  • Kunngjering
  1. Lovvedtaket vert kunngjort gjennom Norsk Lovtidend og registrert i Lovdata-systemet. Lova gjeld i utgangspunktet frå ein månad «etter den dag da det nummer av Norsk Lovtidend ble utgitt som inneholder kunngjøringen av loven» jf. LOV-1969-06-19-53 (Lov om Norsk Lovtidend)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.