Partido dos Trabalhadores

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arbeidarpartiet (på portugisisk Partido dos Trabalhadores) er eit politisk parti på venstresida i Brasil. Det blei skipa av ei gruppe intellektuelle og arbeidarar i Sao Paulo i 1980. Blant grunnleggjarane var Luiz Inacio Lula da Silva, som er noverande president i Brasil.

Partisymbolet er ei raud stjerne med bokstavane PT i kvitt inni. På raude bakgrunnar, som raude flagg og raude t-skjorter og skjermluer, kan stjerna vere kvit, og initialane til partiet inni stjerna raude.

PT er eit breitt sosialistisk parti med mange tendensar innanfor partiet, mellom dei sentrum-venstre-gruppa som president Lula sjølv høyrer til, marxistar og kristensosialistar. Partiet blir av mange rekna for å vere eit av dei viktigaste venstrepartia i Latin-Amerika.

Etter 1990 voks oppslutninga om PT, og dei vann vala i viktige byar som Sao Paulo og Porto Alegre. Men den viktigaste sigeren var sjølvsagt da Lula i 2002 blei president, etter to tidlegare forsøk.

PT er i utgangspunktet eit venstresosialistisk parti, men som regjeringsparti meiner somme at det har endra politikk i meir moderat sosialdemokratisk eller jamvel sosialliberal lei. Noko av forklaringa kan vere at partiet ikkje har reint fleirtal i parlamentet, og derfor må alliere seg med andre parti for å få ting gjennom der. Men venstresida i PT er ikkje nøgd, og somme av dei som meiner PT har endra seg bort frå sitt eige program, er no ute av partiet. Meiningsmålingar viser likevel at fleirtalet i Brasil framleis støttar president Lula.