Partito Democratico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partito Democratico (PD) (Demokratisk Parti) er eit italiensk sentrum-venstreparti.

Partiet sin leiar er Walter Veltroni, visestatsminister og kulturminister i perioden 19961998 og leiar for Democratici di Sinistra frå 1998 til 2001, og borgermeister i Roma sidan 2001.

Partiet blei grunnlagt den 14. oktober 2007 som ei samanslåing av forskjellige parti til venstre og sentrum som hadde vore ein del av valalliansen L'Unione. Partia som gjekk inn i det nye partiet var:

I det siste tiåret har det vore pågåande forsøk på å danne nye alliansar, og å etablere nye parti som alliansar av gamle parti. Sidan venstresida ikkje har vore stor nok til å regjere aleine, har den også måtta trekkje med seg progressive delar av sentrum. Ein tilsvarande prosess har funne stad på høgresida. Sentralt for å forstå denne prosessen er endringane i valsystemet i 1993 med overgang frå forholdstalsval til eit system som hovudsakleg var basert på fleirtalsval, men med visse proporsjonale element. Normalt har ein trudd at dette burde føre til eit topartisystem (jfr. Duvergers lov), men i Italia har dei i staden fått ei utvikling mot valalliansar.

Sigeren ved parlamentsvalet i 2006 bidrog positivt til ein fortgang i arbeidet for eit meir einskapleg sentrum-venstre-parti. Den 19. april 2007 heldt Democratici di Sinistra sin siste partikongess, etter at omtrent 75 % av partiet sine medlemer hadde støtta danninga av Partito Democratico. Ein venstreopposisjon valde ikkje å bli ein del av det nye partiet. Dette førte til danninga av Sinistra Democratica.

Danninga av det nye partiet har ikkje skjedd utan vanskar. Eit spørsmål som det har vore strid om, er kva for eit europeisk parti det nye partiet skal ha tilknyting til. Her har skiljelinene følgt dei gamle partia, med personar fra Democratici di Sinistra som ønskjer at partiet skal slutte seg til Det europeiske sosialdemokratiske partiet, mens dei frå Democrazia è Libertà - La Margherita ønskjer å slutte seg til Det europeiske demokratiske partiet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen.