Democratici di Sinistra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Democratici di Sinistra, DS, (på norsk Venstredemokratane) var eit politisk parti i Italia, det største av sentrum-venstre-partia, ein del av valalliansen l'Ulivo (Oliventreet). Den 14. oktober 2007 blei partiet ein del av det nye sentrum-venstre-partiet Partito Democratico.

DS blei danna i 1991 med namnet Partito Democratico della Sinistra PDS av eit fleirtal i Det italienske kommunistpartiet PCI (1921-1991). Første leiaren var Achille Ochetto.

DS hadde tre fløyer eller hovudtendensar, og leiaren høyrde til sentrumsfløya i partiet. Venstrefløya utgjorde om lag 20 % av partimedlemmene, viste avrøystingar i partiet. Både høgrefløya og venstrefløya hadde organiserte tendensar (fraksjonar), noko som var fullt tillate i partiet. Sentrumstendensen var sosialdemokratisk, mens høgrefløya var liberal og venstrefløya venstresosialistisk. Den siste har no danna partiet Sinistra Democratica (SD).

Fleire grupper frå det tidlegare italienske sosialistpartiet PSI gjekk også med i DS, sjølv om dei fleste medlemene kom frå det tidlegare kommunistpartiet. Andre frå det tidlegare kommunistpartiet utgjer kjernen i det nye reformkommunistiske partiet Rifondazione Comunista. DS hadde 12 medlemmer av EU-parlamentet, der dei høyrde til den sosialdemokratiske PES-gruppa. DS var medlemsparti i den Sosialistiske Internasjonalen av moderate sosialdemokratiske parti. Den internasjonale tilknytinga til det nye Partito Democratico er ikkje ultimo 2007 avklåra enno.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen.