Patriarken Isak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikon av Isak.

Patriarken Isak var son til Abraham og Sara og ein av stamfedrane til jødefolket.

Ifylgje 1. mosebok var Abraham 100 og Sara over 90 år då Isak vart fødd. Abraham og Sara hadde difor gjeve opp å få born i lag, men Gud vitja Abraham i teltet hans og fortalde han at om eitt år ville Sara få ein son, og at dei skulle gje han namnet Isak. Eitt år etter fødde Sara Isak. Namnet tyder "må Gud le".

Då Isak enno var liten, ville Gud setja Abraham på prøve og bad han ofra Isak på Moriafjellet. Då Gud såg at Abraham lydde han i alt han sa, stansa han Abraham og sa han ville signa han og ætta hans storleg.

Isak gifte seg med Rebekka, sonedotter til Nakor, bror til Abraham. Saman med henne fekk Isak tvillingsønene Jakob og Esau. Isak vart arvingen til Abraham, og han gav han alt det han åtte.

I Koranen er Ishaq nemnt som ein profet av islam, far til israelittane og ein rettferdig Guds tenar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Patriarken Isak

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • 1. Mosebok i Bibelen, nynorsk omsetjing frå 1978. Gjeve ut av Det Norske Bibelselskap 1999.