Patriarken Abraham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om den bibelske personen Abraham. For meir informasjon om namnet Abraham, sjå Abraham.
Abraham i ein ukrainsk miniatyr.

Abraham er rekna som grunnleggjar og patriark for dei abrahamittiske religionane. Han er òg rekna som forfar til dei som historisk høyrer til desse religionane. Soga om Abraham er omtalt i Fyrste mosebok i Bibelen.

Abraham i kanoniske skrifter[endre | endre wikiteksten]

Ein herrens engel hindrar Abraham i å ofra sonen Isak. Måleri av Rembrandt.

Abraham i 1. mosebok[endre | endre wikiteksten]

Soga om Abraham byrjar i den sumeriske byen Ur i Mesopotamia. Tarah, far til Abram, tar med familien og vandrar ut av Ur.[1] Dei slår seg ned i Karan. Her får Abram eit kall om for å fare til Kanaan, eit land Gud vil gje han i eige. Denne soga er knytt til ei folkevandring det nomadiske amorittiske folket gjorde som følgje av uroa som rådde i landet deira. Abram reiste sidan vidare til faraos Egypt, og han vart svært rik.

Abram var gift med Sarai. Med trellkona Hagar fekk han sonen Ismael. Då Abram var 99 år, skipa Gud ei pakt med han. Han skulle ikkje lenger heite Abram, men Abraham, og kona skulle heite Sara, og med ho skulle han bli stamfar til ei tallaus ætt. Som teikn på pakta skulle alle gutebarn av slekta hans omskjerast åtte dagar gamle.[2]

Sara fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, som sidan fekk namnet Israel, stamfar til jødane.

Osmansk illustrasjon av Abraham i ferd med å ofra Ismael, og Abraham kasta i elden av Nimrod.

I Koranen[endre | endre wikiteksten]

Abraham er nemnd i 25 av dei 113 kapitla (suraene) i Koranen. Koranen lyfter fram Abraham sin religion, som var fri for avgudsdyrking. Dei som står Abraham nærast, er dei som følgjer han, står det i 3,61. Verken jødar eller kristne følgjer Abrahams religion, fortel Koranen. Abraham var ein reint Gud-søkjande, han hadde den opphavlege, uforvanska religionen.[3]

Abraham og Ismael reiste Kaaba, huset, og gjorde det til eit pilegrimsmål og ein fredlyst stad.

Andre forteljingar om Abraham[endre | endre wikiteksten]

I Midrasj Rabba, ei samling rabbinske forklaringar, blir det fortald at Abraham som ung gjorde narr av avgudsdyrking. Han hadde fått i oppgåve å passa faren sin verkstad og utsal av avgudsbilete, og viste kor absurd det var å dyrka dei. Til dømes knuste han mange av statuane med ein stokk og plasserte stokken i hendene til den største. Då faren kom attende, fortalde han at avgudsbileta hadde krangla.[4]

I fleire forteljingar frå mellomalderen er Abraham i konflikt med ein kong, typisk Nimrod. Kongen representerer det vonde eller avgudsdyrking, mens Abraham presenterer det gode eller monoteistisk gudsdyrking. I Midrasj Rabba 38:13 finst til dømes ein tekst der Nimrod gjev ordre om at Abraham skal tilbe elden. Abraham svarer med å spørja om han skal tilbe vatnet, som sløkkjer elden, skya, som ber vatnet, vinden, som spreier skyene, eller mennesket, som står mot vinden. Då tok Nimrod og kasta han på elden. Ved eit under kom Abraham uskadd frå det.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Patriarken Abraham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1. Mos. 11,31
  2. 1. Mos. 17
  3. Koranen 2,118-129
  4. 4,0 4,1 Midrash Rabba, s. 310-311 ved archive.org.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.