Paul Dessau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Dessau

Fødd19. desember 1894
FødestadHamburg
Død28. juni 1979 (84 år)
DødsstadKönigs Wusterhausen
OpphavDen tyske demokratiske republikken
Sjangeropera, symfoni
Verka somkomponist, dirigent, musikkforskar, universitetslærar, filmmusikkomponist, musikar
Gift medRuth Berghaus
PrisarGoethe-Preis der Stadt Berlin, Karl Marx-ordenen, Fedrelandets fortjenstorden i gull, DDRs nasjonalpris, Stern der Völkerfreundschaft, æresdoktor ved universitetet i Leipzig

Paul Dessau (fødd 19. desember 1894 i Hamburg, daud 28. juni 1979 i Königs Wusterhausen)[1] var ein tysk komponist og dirigent. Han hadde eit psevdonym: Peter Daniel.[2]

Dessau voks opp i enkle kår i Hamburg, som einaste son av Sally Dessau, som var tobakkshandler, og den andre kona hans. Med økonomisk støtte frå slektningar kunne Paul tidleg få fiolinundervising. Seinare studerte han ved Klindworth-Scharwenkakonservatoriet i Berlin. Deretter arbeidde han som korrepetitør ved operahusa i Hamburg (1913–1914) og Köln (1919–1923). Han arbeidde seinare som kapellmeister for operette og film, først i 1912 på Hamburg Stadttheater, etter første verdskrigen ved Stadttheater i Köln, og i perioden 1925–1933 ved Städtische Oper i Berlin.[3] Samstundes byrja han å komponera, og dette opplevde han snart som sitt eigenlege kall.[4]

Han komponerte sin første symfoni over ein frase i det tradisjonelle Kol-Nidre-melodien, og skrev eit stykke for mannskor og orkester, til bruk i synagogen.

I 1933 flykta han frå Tyskland til Paris. Han var jøde, og frykta forfølging frå nasjonalsosialistene. Det hovudverket han komponerte medan han var i eksil i Frankrike, var Pessach-Haggada for blanda kor, barnekor, solo og orkester over ei tekst av Max Brod.

Frå Frankrike reiste han vidare til USA i 1939. Ei tid budde han i Hollywood og samarbeidde der, frå 1942, med Bertolt Brecht. I 1948 vende han attende til Berlin, og i 1952 vart han innvalgt i kunstakademiet i DDR.[3]

Dessau sin musikk er prega av Brecht si politisk-estetiske haldning. I 1950-åra dominerte vokal- og teatermusikk, men i 1960-åra utvida og differensierte han det musikalske uttrykket sitt. Han nytta nye teknikkar og framgangsmåtar, som dodekafoni, partiell punktmusikk, aleatorikk, klangfargemusikk og collage- og montasjeteknikk.[3]

Dei fire operaene hans klargjer tematisk den internasjonale klassekampen, og ein stor del av orkesterverka har programmatisk karakter. Han forbind folkemusikk og arbeidarmusikk med kunstmusikalsk praksis. Vesentlege kjenneteikn for musikken hans er mangfoldighet, plastisitet, funksjonell og innholdsmessig klåre.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Dessau skreiv musikk innan mange sjangrar, frå kammermusikk til politiske songar.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • Die Verurteilung des Lukullus (Lucullus sin dom), opera. Libretto: Bertolt Brecht. Urpremière 17. mars 1951[5]
  • Puntila. Libretto: Peter Palitzsch og Manfred Werkwerth, etter Brechts Puntila und sein Knecht Matti. Urpremière
  • Lanzelot. Libretto: Heinar Müller, etter tema frå H.C. Andersen og eventyrkomedien 'Draken' av Yevgeni Schwarz og Ginka Tsjolakowa. Urpremière 19.12 . 1969
  • Einstein. Libretto: Karl Mickel. 1972

Oratorium og kantater[endre | endre wikiteksten]

  • Haggada (jødisk oratorium)
  • Deutsches Miserera
  • Die Erziehung des Hirse (Hirsen sin foredling), 1955
  • Appell der Arbeiterklasse, 1960
  • Requiem für Lumumba, 1963

Scenemusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Muttar Courage und ihre Kinder, teaterstykke av Bertolt Brecht
  • Der gute Mensch von Sezuan, teaterstykke av Brecht
  • Der kaukasische Kreidekreis (Den kaukasiske krittringen), teaterstykke av Brecht
  • Urfaust, teaterstykke av Goethe

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • DDRs nasjonalpris, 1953 og 1964.[3]
  • Karl-Marx-ordenen 1969.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cappelens musikkleksikon (G. Reinäger) oppgjev 1897 som fødselsår.
  2. «Bayerisches Musiker-Lexikon Online». bmlo.de. Henta 30. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Rienäcker (1978)
  4. «Dessau, Paul | Das Jüdische Hamburg». www.dasjuedischehamburg.de. Henta 29. mars 2019. 
  5. Operas in German : a dictionary (omarbeidd utg.). ISBN 9781442247963. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paul Dessau
  • Reinhold, Daniela (2006). «Paul Dessau». www.lexm.uni-hamburg.de.  (Nettstad med omfattande informasjon, også om tilgjengelige verkoversyn).