Pedaltone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pedaltonar er dei aller djupaste tonane ein kan spela på messingblåseinstrument. Namnet stammar frå dei store orgel der dei største pipene med djupe tonar vert spela med føtene (latin pedes).

Ei vanleg tenortrombone er stemt i B med grunnstone B(store B). Ved å dra ut sliden kan ein senka tonehøgda til E(store E). Men dette dreier seg om andre tone i naturtonerekka, eller andre harmoniske. Ved å slappa meir av i leppene kan ein spela på grunntonen i naturtonerekka, eller første harmoniske. Dette gir trombonisten moglegheit til å spela tonane frå B1 ned til E1, og desse tonane vert då kalla pedaltonar.

Pedaltonane vert relativt sjeldan brukt; på trompet så godt som aldri. Det er likevel nokså vanleg på tuba, og særleg på basstrombone.