Trombone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I denne artikkelen blir
denne notasjonen nytta:
B♭ og H.

Music ClefG.svgMusic 1b1-.svg Music ClefG.svgMusic 1b1.svg

Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Ein person som speler trombone vert kalla trombonist.

Ordet trombone kjem frå det italienske ordet tromba som tyder trompet og one som er eit suffiks for stor. Såleis tyder trombone stor trompet. Instrumentet har ulike namn på forskjellige språk, og finst omtalt i musikklitteraturen som posaune, sackbut eller sacbut, basun eller trekkbasun, tromba spezzata med meir. Trombonen har òg nokre aukenamn mellom musikarar, der dei mest brukte er bone og binders. Trombone på fransk er òg ordet for binders.

Den klassiske trombonen vert brukt i moderne orkester som janitsjarkorps (medrekna militærkorps), brassband, storband og symfoniorkester. Han vert òg brukt i mindre besetningar som kammerorkester (trioar, kvartettar og kvintettar), og han vert brukt i grupper som speler swing, jazz, salsa og ska.

Oppbygning[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggande oppbygning av ein trombone
Trombone diagram.jpg
  1. stemmebøyle
  2. munnstykke
  3. sjallstykke/klokkestykke
  4. knapp til skydd
  5. vassventil
  6. hovudslide
  7. håndtak til den ytre sliden
  8. håndtak til den indre sliden
  9. låsering for sliden
Ein demontert trombone. Frå venstre til høgre: Munnstykke, ytre slide, tonerøyr med sjallstykke, indre slide.

Ein trombone består av eit sylindrisk røyr som er bøygd i ei avlang S-form. Dei fleste trombonane har slide (òg kalla sleide). Hovuddelen av instrumentet heiter tonerøyr. I enden av dette er eit sjallstykke (òg kalla klokkestykke). Tonerøyret har to opningar til sliden. Sliden gjer det mogeleg for trombonisten å forlengje tonerøyrlengda og gjennom det senke tonehøgda med inntil seks kromatiske trinn. Slideposisjonane vert omtalte som I (heilt inntrekt), II, III, IV, V, VI og VII (heilt utskuva). Trombonen har i likskap med andre messinginstrument ein bøyel som kan trekkjast ut for å stemme instrumentet (senke tonehøgda noko). Den indre diameteren i røyret, som utgjer hovuddelen av instrumentet, vert kalla boring, og ho er typisk 12 - 14 mm.

Nokre trombonar har kvartventil, som kan brukast alternativt til å trekkje sliden langt ut. Når han blir opna, vil posisjon I svare til posisjon VI og posisjon II svare til VII. Kvartventilen blir styrt av venstre tommel. Basstrombonen har kvartventil og kvintventil, og kan dermed nå atskilleg djupare tonar. Han har òg større diameter på røyret.

Det finst òg trombonar som har tre ventilar (som på ein trompet) i staden for slide. Desse vert kalla ventiltrombonar eller ventilbasunar. Kvar av desse ventilane opnar mot sin respektive bøyel, som senkar tonehøgda med 2, 1 eller 3 kromatiske trinn (i denne rekkjefølgja). Merk at slideposisjonen og talet på søkte kromatiske trinn ikkje er det same: Slideposisjon I tilsvarer 0 trinnsenking, posisjon II tilsvarer 1 trinn. Ved å kombinere alle ventilane vert alle posisjonar nådde frå 1 til 7, altså frå inga senking til 6 kromatiske trinn: 0 (laust grep), 1, 2, 2+1, 1+3, 2+3 og 2+1+3.

Trombonen og trombonemusikken si historie[endre | endre wikiteksten]

Ein sackbut frå 1700-talet

Inntil dei 18. hundreåra blei trombonane i England kalla sackbut («trekk - skuv» på fransk). Ein sackbut var litt mindre enn moderne trombonar, og hadde eit sjallstykke som var meir konisk (mindre utbøygd). I dag vert namnet sackbut brukt om tidlegare utgåver av instrumentet som gjerne vert brukte i barokkensemble.

Renessansen og barokken[endre | endre wikiteksten]

Trombonen var ofte i bruk på 1500-talet i Venezia innan sonatemusikk og kyrkjemusikk. Men i konsertsalane var han sjeldan å høyre. Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel brukte trombone i nokre verk.

Klassisismen[endre | endre wikiteksten]

Repertoaret av solist- og kammermusikk for trombone tok så vidt til i Austerrike i den klassiske perioden, av mellom andre Leopold Mozart, Georg Christoph Wagenseil, Johann Albrechtsberger og Johann Ernst Eberlin, ofte saman med song. Joseph Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart brukte trombonen i nokre av dei sakrale verka sine. Det mest kjende er Mozart sitt Requiem. Det var den virtuose trombonisten Thomas Gschladt i hofforkesteret i Salzburg som inspirerte komponistane til å skrive for instrumentet.

Trombonen har halde på den tradisjonelle posisjonen sin i operahus og kyrkjer gjennom 1700-talet. Her blei både alt- og tenortrombonar, og mange stader òg basstrombonar, brukte for å støtte opp om dei djupe korstemmene. Det skjedde lite med tromboneforma i denne perioden, anna enn at sjallstykket blei større.

Romantikken[endre | endre wikiteksten]

I slutten av klassisismen og inn i romantikken blei trombonen i aukande grad brukt i symfonisk musikk. Først ut var den svenske komponisten Joachim Nikolas Eggert i sin Symfoni i E-moll (1807). Han gav æra for dette til Ludwig van Beethoven. Beethoven brukte trombonen i siste satsen av sin 5. symfoni, 6. symfoni (pastorale) og 9. symfoni, og i småstykke for det som seinare er blitt ein standard kammermusikk-besetning, trombonekvartetten.

Leipzig blei eit senter for tromboneinstruksjon ved musikkhøgskulen grunnlagd av Felix Mendelssohn Bartholdy, som sjølv var bass-trombonist. Mendelssohn sin bass-trombonist, Karl Traugott Queisser, blei den første i ei lang rekkje av tromboneprofessorar. Nærast på eiga hand auka han statusen til trombonen i Tyskland, og starta ein tradisjon innanfor trombonespel som framleis vert praktisert. Han gjorde Christian Friedrich Sattler sin nye tenorbass-trombone svært populær i løpet av 1840-talet, og gjorde han vanleg hjå orkester i Tyskland og Austerrike. Sattler si utviding av boring og sjallstykke, samt ekstra forsiring, var viktig for populariteten. Desse detaljane blei behaldne vidare på 1800-talet.

Mange komponistar blei direkte påverka av Beethoven sin bruk av trombonar, og utover 1800-talet blei trombonistar faste medlemmer av orkestra. Her bidrog spesielt Franz Schubert, Franz Berwald, Johannes Brahms, Robert Schumann, Felix Mendelssohn Bartholdy, Richard Wagner, Hector Berlioz, Gioacchino Rossini, Giuseppe Verdi, Giacomo Puccini, Franz Liszt, Richard Strauss, Anton Bruckner, Gustav Mahler, Pjotr Tsjajkovskij, Nikolai Rimsky-Korsakov, Aleksandr Borodin, Bedrich Smetana, Antonín Dvorák, Charles Gounod, César Franck, Claude Debussy og Camille Saint-Saëns, både innanfor operaer, symfoniar og andre orkesterverk.

Tidleg blei trombonen brukt saman med kornettar. Då kornetten blei erstatta av obo og klarinett, fekk trompeten rolla som parhest til trombonen.

Ettersom trombonen blei eit symfoniorkester-instrument, blei det oftare slik at musikarar åtte instrumenta sine sjølve. Dei valde difor ofte ein trombonetype som dekte flest stemmer, tenortrombonen.

Ventilbasunen blei populær i Italia og Bøhmen (nytta i verk av Giuseppe Verdi, Giacomo Puccini, Bedrich Smetana og Antonín Dvorák), medan den var mindre omtykt i Tyskland og Frankrike.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

1900-talet beheldt trombonen posisjonen innanfor klassisk musikk, og blei mykje brukt av Richard Strauss, Gustav Mahler, Arnold Schönberg, Alban Berg, Maurice Ravel, Darius Milhaud, Olivier Messiaen, Igor Stravinskij, Dmitrij Sjostakovitsj, Sergej Rakhmaninov, Sergej Prokofjev, Ottorino Respighi, Edward Elgar, Gustav Holst, Ralph Vaughan Williams, Benjamin Britten, William Walton, Jean Sibelius, Carl Nielsen, Leoš Janácek, George Gershwin, Aaron Copland, Leonard Bernstein og Béla Bartók.

I andre halvpart av hundreåret fekk trombonen auka status innanfor solo- og kammermusikken. Stykke som Edgard Varèses Octandre, Paul Hindemiths Sonata og Luciano Berios Sequenza V viste veg for mindre kjende komponistar som bygde eit stort repertoar. Dei mest kjende trombone-konsertverka frå denne perioden blei gjeve ut av Derek Bourgeois, Lars-Erik Larsson, Launy Grøndahl, Jan Sandström og Gordon Jacob.

Hundreåret har òg gjeve endringar i oppbygginga av instrumentet, mellom anna i bruk av andre materiale, større munnstykke, boring og sjallstykke, nye ventiltypar og ulike sordintypar.

Trombonetypar[endre | endre wikiteksten]

Tenortrombone[endre | endre wikiteksten]

Tenortrombone

Ein standard tenortrombone har ein naturleg grunntone B♭ (som ikkje vert rekna som transponerbar, sjå under). Ettersom ein vanleg trombone ikkje har ventilar eller klaffar til å endre tonehøgda, lærer trombonistane seg sju slideposisjonar. Sliden er i første posisjon (I) når han er trekt heilt inn, og i sjuande posisjon (VII) når han er skuva heilt ut. Frå éin posisjon til den neste med høgare tal vert tonen endra med ein halvtone (eitt trinn på den kromatiske skalaen). Lågaste tone som kan spelast på eit standardinstrument er E. Men dei fleste trombonistar kan spele lågare «falske tonar» og enda lågare «pedaltonar» på instrumentet.

Tenortrombone med kvartventil

Moderne tenor-trombonar har ofte eit ekstra røyrarrangement som kan aktiverast med ein ventil, som regel ein kvartventil. Normalt vert ein rotorventil brukt, men etter kvart er det blitt vanleg med andre ventiltypar, særleg «Thayer valve». Sjølv om desse trombonane har ein ventil, vert dei ikkje kalla ventiltrombonar. Når ein trykkjer ned denne ventilen, endrar ein naturtonane for instrumentet. Dette gjer det lettare med hurtige passasjer og legatospel over store intervall, samt å kunne spele dei aller lågaste tonane. Avstanden mellom slideposisjonane er lenger når ventilen er open, og berre seks posisjonar er mogeleg å bruke i forhold til dei vanlege sju, ettersom sliden er for kort for det som eigentleg blir ein F-trombone. Avstandane mellom posisjonane er 4/3 av lengda av eit B♭-instrument.

Basstrombone[endre | endre wikiteksten]

Den moderne basstrombonen er òg bygd for naturleg grunntone B♭ og vert spelt i C. Den har same lengde som ein tenortrombone, men har ein større indre røyrdiameter (boring) samt to ventilar som kan endre naturtonane for instrumentet. På eldre utgåver av ein basstrombone er som regel 2. ventil avhengig av 1. ventil, eit såkalla «dependent»-system. Vanlegvis endrar 1. ventil basstrombonen sin naturlege grunntone til F (kvartventil). 2. ventil, i kombinasjon med 1. ventil, endrar grunntonen til D, eller i nokre tilfelle til Ess.

På nyare utgåver av basstrombonen fungerer dei to ventilane uavhengig av kvarandre («independent»), noko som gjer at 1. ventil endrar grunntonen til F, medan 2. ventil endrar grunntonen til Gess. I kombinasjon vert grunntonen endra til D eller Ess.

Dei to ventilane gjer det lettare å spele låge tonar. Dei gjer det òg mogeleg å dekkje gapet mellom den første harmoniske og den fundamentale. Tonane på basstrombonen vert spelt med same posisjonar på sliden som for tenortrombonen. Det er éin basstrombone i eit standard symfoniorkester. Dei vert òg ofte brukte i storband, brassband, janitsjarorkester og blåseorkester.

Tidlege versjonar av basstrombonar hadde mindre indre røyrdiameter enn moderne basstrombonar. Desse hadde grunntonar G eller F, hadde lenger slide og eit handtak festa til sliden for å gjere uttrekk til sjuande posisjon mogeleg.

Andre trombonar[endre | endre wikiteksten]

Kontrabasstrombonen er truleg den mest ekstreme varianten, stemd i B♭, ein oktav lågare enn tenor- og bass-trombonen. Det finst ulike måtar å produsere ein dobbellengdetrombone. Ein vanleg og plassrasjonell måte er ein dobbel-vove slide, der sliden er bøygd bakover for å gjere rom for fire røyr. Han finst òg stemd i F, då med enkel slide. Wagners Der Ring des Nibelungen er instrumentert for kontrabass-trombone.

Alttrombonen er stemd i Ess eller F og er mindre enn tenor-trombonen. Ettersom han er kortare, skil slideposisjonane seg frå tenor- og bass-trombonen. Tonen er òg meir briljant. Alttrombonen vert primært brukt i symfoniorkester, sjølv om den òg har vore brukt som soloinstrument. Komponistar i nyare tid har oppdaga instrumentet på nytt, og profesjonelle tenortrombonistar på det klassiske området blir i aukande grad forventa òg å beherske alttrombonen.

Soprantrombonen er stemd i B♭ ein oktav over tenortrombonen, og skaper ein lysare og meir trompetliknande tone enn nokon annan trombone. Han kan på mange måtar reknast som ein «trekktrompet» og munnstykket er ofte lik eit trompetmunnstykke. Soprantrombonen vert brukt i messingensemble med god besetning. Det finst få klassiske stykke skrivne for instrumentet. Historia til soprantrombonen er usikker, men truleg er han ikkje noko klassisk instrument, snarare ein moderne utforma trombone.

Sopraninotrombonen og piccolotrombonen er enda mindre variantar. Desse er ekstremt sjeldne. Dei vert nokre gonger brukte i reine tromboneorkester.

Ventilbasunen[endre | endre wikiteksten]

Ventilbasunar kan stemmast i ulike høgder, men har vanlegvis same toneområde som tenor-trombonen, sjølv om dei er forma meir som ein svært stor trompet. Nokre musikarar synest dei er vanskelege å spele reint. Andre som kan ventilar, men ikkje slideteknikk, føretrekkjer ventilbasunar føre dei vanlege trombonane. Ein kontrabassvariant av ventilbasunen er cimbassoen.

Ventilbasunen blei svært populær på attenhundretalet då utviklinga av roteringventilar og stempelventilar var sterk. Gjennom masseproduksjon av trombonar med slidar av betre kvalitet på slutten av 18-hundretalet, fekk trombonane attende posisjonen som den mest populære.

Ein uvanleg variant av trombonen har både slide og ventilar. Desse blei først produserte tidleg på 19-hundretalet. Dei blei gjerne kalla «valid-trombonar», men er no best kjent som superbonar. Jazzmusikaren Maynard Ferguson brukte ofte dette instrumentet.

Andre instrument med både beslekta toneomfang og -kvalitet er musikkbaryton-horn og eufonium. Wagner skreiv òg stykke for basstrompet i sin Ring Cycle, og Berlioz i sin Grande Messe des. Morts. Desse stykka vert vanlegvis spelte av trombonistar. Ein handfull andre verk i det klassiske repertoaret bruker òg instrumentet. Visse passasjer er vesentleg enklare å spele på ein ventilbasun, mens andre er lettast på ein trombone.

Ventiltypar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har rotorventiler vore standarden for kva ventilar som vert brukte til kvartventil på tenortrombonar og til kvartventil og ventil nummer to på basstrombonar. På 1800-talet blei det produserte nokre trombonar med stempelventilar, men dette viste seg fort å vere svært upraktisk, og det hadde ein uheldig verknad på klangen.

Uheldige verknader på instrumentet sin klang har òg ført til at det frå ca. 1990 og seinare har vore stor innovasjon på tromboneventil-området. Thayerventilane er kanskje dei mest kjende av dei nye ventiltypane, men òg andre variantar som Greenhoe- og Hagmann-ventilen, Conn sin Christian Lindberg-ventil og K-ventilen til Bach Stradivarius har fått stor utbreiing. Det siste tilskotet i denne familien er instrumentprodusenten S.E. Shires sin TruBore-ventil, som førebels berre vert levert til firmaet sin eigenproduserte instrument. Felles for alle desse ventiltypane er at dei gjev musikaren ein friare luftflyt gjennom instrumentet og ein opnare klang.

Spel på trombone[endre | endre wikiteksten]

Som med alle messinginstrument, er det slik at aukande stramming av leppene og auka lufttrykk inn i munnstykket gjer det mogeleg å nå høgare opp i tonehøgde (til ein høgare overtone). I nedre del må ein føre sliden mykje for å nå over alle tonane, mens det lenger opp i tonehøgde (høgare i overtonerekkja) trengst færre posisjonar.

Trombonar vert, ulikt dei fleste andre messinginstrument, ikkje rekna som noko transponerande instrument. Notar vert som regel skrivne i F-nøkkel slik at instrumentet blir eit naturainstrument, sjølv om det ikkje er uvanleg å skrive trombonemusikk i C-nøkkel (tenornøkkel eller sjeldnare i altnøkkel).

I brassband, og òg av og til i janitsjarkorps, blir derimot tenortrombonen rekna som eit transponerande instrument i B♭ notert i G-nøkkel. Ved ein lukkeleg slump er notane i akkurat same notelinjeposisjonar som om musikken var skriven i ein ikkje-transponerande tenornøkkel, sjølv om forteikna må justerast noko. Slike metodar krev ein viss fleksibilitet i tenkinga, men er inga utfordring for ein erfaren musikar.

Ei rekkje sordinar kan brukast med trombonen til å endre lydbiletet. Dette gjeld koppsordin (cup mute), rett sordin (straight mute), harmonisordin (harmon mute), bøttesordin (bucket mute), solotonesordin og wah-wah-sordin. Desse vert anten stukne inn i eller festa med klips på kanten av sjallstykket. Særleg innanfor jazzmusikk vert andre ting haldne framfor sjallstykket og ført inn og ut. Dette gjeld først og fremst wah-wah-effekten der ein kan bruke hattar, toalettsugepumper (plunger mute), eller spesiallaga variantar over desse.

Trombonistar[endre | endre wikiteksten]

Norske trombonistar[endre | endre wikiteksten]

Andre kjende trombonistar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trombone

Kjelde[endre | endre wikiteksten]