Tuba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva i Russland, sjå Tubaelva.
Tuba.png

Tuba er det største blåseinstrumentet i messing og det av alle messinginstrumenta som kling djupast. Det er òg eitt av dei siste instrumenta som vart tekne inn i symfoniorkesteret. Til vanleg er det berre éin tuba i eit orkester, og den vert bruka som bass i seksjonen av messinginstrument.

Tubaen har konisk boring, og 3-6 ventilar.

Det har med kvart vorte vanleg å bruka tuba til soloinstrument, og dei mest kjende konsertane for tuba og orkester er skrivne av Ralph Vaughan Williams, Edward Gregson og John Williams. Tuba finst dertil med i både militærkorps, janitsjarkorps og brassband, i sistnemnde vert dei kalla Ess-tuba og B-tuba, og det er vanlegvis to av kvar.

Dei mest ålgjengde tubaene som vert laga i dag, har grunntonen F, Ess, C, eller B. F- og Ess-tubaer vert gjerne kalla basstuba, medan C- og B-tubaer vert kalla kontrabasstuba. Somtid møter ein namnet tenortuba; dette er det same som eufonium.

Richard Wagner fekk sett i stand ein særleg tuba kalla Wagnertuba som var laga i tenor- og bass-storleik.

Tuba vert sjeldan nytta i pop- og rockemusikk, men det finst unntak som tubasoloen i songen «Lydia» av Morten Abel.