Pedro de la Rosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pedro de la Rosa, 2006

Pedro Martínez de la Rosa (fødd 24. februar 1971) er ein spansk Formel 1-førar. Han har køyrt 71 Formel 1 Grand Prix-løp, og debuterte for Arrows i Australia den 7. mars 1999 med ein sjetteplass. De la Rosa er ein av særs få sjåførar som har fått poeng i debutløpet sitt. De la Rosa scora 6 poeng med det gamle poengsystemet, og 22 poeng med det nye.

Historie[endre | endre wikiteksten]

de la Rosa køyrde 2005 sesongen for Mclaren. Førenamnet "Pedro" erstatta tobakksreklamen ved einskilde løp.

Pedro de la Rosa konkurrerte på høgt nivå med radiostyrte offroadbilar, før han i 1988 meldte overgang til gokart. I 1989 vart han meister i den spanske Formel Fiat Uno. I 1990 vann han det spanske Formel Ford 1600-meisterskapen. Han deltok og i det britiske Formel Renault 1600, og fekk to pallplasseringar. I 1991 køyrde han i det spanske Formel Renault Championship, der han fekk tre pallplasseringar, medan han året etter vann både det britiske og det europeiske Formel Renault. I 1995 vann han den japanske Formel 3-serien, og i 1997 vart det siger i Formel Nippon F3000.

I 1998 vart de la Rosa henta inn som testsjåfør for Formel 1-laget Jordan. Året etter køyrde han Formel 1 for Arrows, der han fekk sitt første poeng. Han vart henta inn til Jaguar Racing-laget, men dei sesongane han var der plukka han ikkje mange poeng. Han vart henta inn som testsjåfør for McLaren, og tok over posisjonen som Juan Pablo Montoya hadde, då han var ute med ein skade.

Pedro de la Rosa hamna på pallen for første gong i Formel 1-karrieren under Ungarn Grand Prix i 2006, då vart han nummer to bak Jenson Button. Det vart lenge spekulert i om han skulle vere lagkamerat med Fernando Alonso i McLaren for 2007-sesongen, men den plassen vart til slutt gjeve til Lewis Hamilton. De la Rosa istaden testsjåfør for laget.