Pengő

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
10 pengő


Pengő var tidlegare valutaen i Ungarn og vart brukt mellom 21. januar 1927 og 31. juli 1946, då han vart erstatta av forint etter ein periode med hyperinflasjon. Ein pengő var 100 fillér.

Introduksjonen av pengően[endre | endre wikiteksten]

Etter den fyrste verdskrigen var den austerrike-ungarske krona utsett for ein kraftig inflasjon. I Ungarn vart ein ny valuta introdusert, pengően, i byrjinga svara 3 800 pengő til 1 kilo gull og 1 pengő svara til 12 500 austerrikske kroner.

Slutten for pengően[endre | endre wikiteksten]

Pengően tapte verdi etter andre verdskrig då han opplevde den høgste hyperinflasjonen som nokon sinne har hendt. Ingenting kunne stoppe hyperinflasjonen.

Den største setelen som vart innført var ein 1021 pengő, dei vart trykt, men var aldri i bruk (sjå bilete). Den største setelen som var i bruk var ein 1020 pengő (sjå bilete).

Den ungarske økonomien kunne berre stabiliserast gjennom å innføre ein ny valuta. 1. august 1946 vart forinten innført til ein pris av 4·1029 pengő.