Pentacon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pentacon er namnet på ein kameraprodusent, med opphav i restane frå Zeiss Ikon-fabrikken i Dresden i Tyskland etter andre verdskrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Pentacon var opphavleg ei kamerarekkje, samandrege av merkenamnet Contax (opphavleg ei kamerarekkje frå Zeiss Ikon) og Pentagon, etter forma på prisma i spegelreflekskamera, som først vart produsert i Dresden.

Planane for eit slikt spegelreflekskamera vart påbyrja i 1938 av Zeiss Ikon. I 1949 vart produksjonen av dette kameraet sett i verk av den aust-tyske delen av Zeiss Ikon (VEB Zeiss Ikon) som Contax S, men etter søksmål frå den vest-tyske delen av selskapet i Stuttgart, fekk den aust-tyske delen seinare ikkje lov til å bruka dette merkenamnet. Dei kamera som vart eksporterte fekk difor namnet Pentacon, medan dei framleis vart marknadsførte som Contax på heimemarknaden. Det aust-tyske selskapet bytte namn frå VEB Zeiss Ikon til VEB Kinowerke Dresden i 1958.

Dei første modellane var såleis merkte ulikt. Somme hadde Zeiss Ikon-logo, med eller utan VEB (Volkseigener Betrieb) skrive under, og andre hadde Pentacon-logo (Ernemann-tårnet i Dresden), med eller utan "ZI" (for "Zeiss Ikon") under.

I 1964 vart namnet Pentacon òg med i namnet på selskapet (VEB Pentacon). Selskapet vart oppløyst 30. juni 1991, medan rettane til merkenamnet Pentacon vart seld til linseprodusenten Schneider Kreuznach. Selskapet vart reetablert som Pentacon GmbH under Jos. Schneider-gruppa. Produksjonen er no flytta til Sør-Korea. Andre delar av VEB Pentacon vart seld til selskapet Noble, og høyrer no til Kamera Werk Dresden, som m.a. produserer panoramakamera under namnet Noblex og industrielle kamera under namnet Loglux.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

35 mm spegelreflekskamera[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Alexander Schulz: Contax S. A History of the World's First 35 mm Prism SLR Camera. Lindemanns Verlag, 2003.