Peter Daniel Hofflund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Daniel Hofflund (1897–1967) var ein norsk arkitekt. Han er særleg kjend for Trondheim kunstforening, eit oppdrag han fekk etter ei arkitektkonkurranse. Bygget blei reist i 1930 og fekk Houens fonds diplom året etter.
Hofflund fekk òg den same utmerkinga for Telegrafbygninga i Trondheim i 1948.
I åra 1945–47 og 1951–67 var han byarkitekt i Oslo. I samarbeid med Bjarne Hvoslef stod han for ei indre restaurering av Trefoldighetskyrkja i Oslo. Dei samarbeidde òg om inventaret til Sagene kyrkje.
Kjelder [endre]
- Peter Daniel Hofflund frå Store norske leksikon
- Arne Gunnarsjaa: Arkitekturleksikon, Abstrakt forlag 1999, ISBN: 82-7935-007-1, side 342