Pianosonate i C-dur av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opningsnotene til pianosonata.

Pianosonate nr. 16 i C-dur, med Köchel-nummer 545, er kanskje det best kjende slike verket av Wolfgang Amadeus Mozart. Sonata blei skildra av komponisten sjølv som passande for amatørar, og ho er også kjend under tilnamna sine, «Sonata facile» ('lett sonate') eller «Sonata semplice» ('enkel sonate').

Mozart skreiv inn verket i samlinga si den 26. juni 1788, same dagen som sin Symfoni nr. 39. Elles veit ein lite om kva tid og korleis sonaten blei til. Ho blei ikkje gjeven ut medan Mozart levde, men kom først ut i noteform i 1805.

Oppbygging:

  • Første sats, allegro, har raskt tempo og går hovudsakleg i C-dur, som han byrjar og sluttar med.
  • Andre sats, andante, er roleg og flytande heile satsen gjennom. Han går i G-dur.
  • Trejde sats, rondo, er eit val som kan kallast «typisk Mozart». Dette blir rekna som den vanskelegaste satsen å spela. Også denne går i C-dur.