Pico da Neblina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pico da Neblina
Høgd over havet 2 994
Ligg i/på Brasil-Venezuela
Fjellkjede Pakaraima
Koordinatar 0°48′0″N 66°02′0″WKoordinatar: 0°48′0″N 66°02′0″W
Førsteklatring 1965

Pico da Neblina er det høgste fjellet i Brasil og det høgste i Venezuela om ein ser bort frå delen av Andes som ligg i landet. Dessutan er Pico da Neblina den høgste tepui. ’Neblina’ er ordet for tåkeportugisisk og spansk språk. Medlemmer frå den brasilianske hæren var dei første opp på toppen i 1965.

Nordsida av tepuien er verna som ein del av Neblina nasjonalpark i Venezuela, likeins er sørsida verna som ein del av Pica da Neblina nasjonalpark i Brasil. Og saman med naboparken Parima-Tapirapeco nasjonalpark i Venezuela dannar dei eit samanhengjande verna område på kring 80 000 km², kanskje det største system av nasjonalparkar som finst i verdas tropiske regnskogar.

Tidlegare var høgda på Pico da Neblina målt til å vere 3 014 meter, men siste målingar viser 2 994 m. [1]