Pigment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lys med ulike bølgjelengder (fargar) treffer eit pigment. Pigmentet absorberer raudt og grønt lys, men reflekterer blått, slik at overflata ser blå ut.

Pigment, eller fargestofff, er stoff som gjev objekt farge, ved å reflektera lys av visse bølgjelengder. Pigment finst naturleg i dei fleste dyr og plantar.

Pigment i måling og plast eller til trykking er som oftast eit kjemisk framstilt pulver. Det mest utbreidde er det kvite titanoksidet, titankvitt, som har svært høg lysbrytingsindeks. Titankvitt vart oppfunne i 1918 av nordmennene P. Farup og G. Jensen, og tok raskt over for sinkoksid som fargestoff i lys måling.

Til raud og okergul måling bruker ein ulike variantar av jernoksid, og som svart pigment nyttar ein sot. Til alle andre fargar lagar ein i dag organiske, syntetiske pigment, som kan vera langt meir fargesterke enn naturlege mineral, og nesten like fargestabile.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.