Pinatubo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pinatubo
fjell
Land  Filippinane
Kart
Pinatubo
15°08′N 120°21′E / 15.13°N 120.35°E / 15.13; 120.35
Dei viktigaste vulkanane på Filippinane
Dei viktigaste vulkanane på Filippinane
Dei viktigaste vulkanane på Filippinane
Wikimedia Commons: Mount Pinatubo

Pinatubo er ein vulkan på øya Luzon i Filippinane. Han ligg 100 km nordvest for Manila i provinsen Pampanga.

Pinatubo er ein stratovulkan og er rundt 1760 meter høg. Namnet Pinatubo betyr 'som får til å veksa', og kjem kanskje av den fruktbare jorda rundt fjellet.

På 1500-talet trekte mange frå aeta-folkegruppa til Pinatubo under ekspansjonen til spanjolane.

Kratersjøen på Pinatubo i 2006

Pinatubo hadde eit veldig utbrot i juni 1991. Dette var eit av dei kraftigaste vulkanutbrota på 1900-talet. Utbrotet blir trass i følgjene sine rekna som eit godt døme på føregåande skadeførebyggande arbeid. Utbrotet førte til at 700 menneske omkom og at 100 000 blei heimlause. Om tidlegare utbrot finst det lite nøyaktig informasjon, men Pinatubo hadde truleg ikkje hatt noko større utbrot på over 400 år.[1] Aeta-folket fortalde om at ein nokre gonger i tidlegare tider kunne høyra små eksplosjonar, noko som er vanleg i eit område med geotermisk aktivitet.

Før utbrotet sørgde Det filippinske instituttet for vulkanologi og seismologi for at mange blei evakuerte. Dei erklærte eit 10 km breitt område rundt vulkanen som farleg. Det blei sett i gang eit stort arbeid for å evakuera folk. Ein gjorde det ein kunne for å gje beskjed om den overhengande faren. Mellom anna sørgde ein for å visa videoar av vulkanutbrot. Sidan så mange menneske blei evakuerte, klarte ein å unngå mykje skade.

Det første større utbrotet fann stad 12. juni. Ein opplevde at det regna sand ned over store landområde. Dette blei følgt av fleire jordskjelv og utbrot. Ei oske- og dampsøyle blei send 30 km opp i lufta. 20 millionar tonn svoveldioksid blei slynga ut i atmosfæren. Det blei meldt om at sand hadde falle ned så langt unna som i Vietnam. Utbrotet hadde til ei viss grad verknad på vêrforhold fleire stader. Svoveldioksid som samla seg i stratosfæren hadde innverknad på solstrålane og gjorde at det mange stader i verda blei nokre grader kaldare.

Eit utbrot følgde i august 1992. I dette utbrotet omkom omkring 70 personar.

Av frykt for ras og flaum sørga ein i 2001 for å drenera bort ein del av vatnet som hadde samla seg i krateret.[2]

I dag driv ein med symjing og padling med kajakk i kratersjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. november 2012, henta 20. mars 2022 
  2. «Philippines volcano lake empties» (på engelsk). 6. september 2001. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pinatubo