Kajakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sportskajakkpadling i Virginia i USA
Padling i tomannskajakk

Kajakk (av kalaallisut qajaq) er eit lite fartøy med dekk som vert padla med ei dobbel padleåre. Padlaren sit i ei opning i dekket som vert kalla sitjebrønnen, og denne har ofte eit spruttrekk som hindrar at det kjem inn vatn i kajakken. Storleiken på sitjebrønnen varierer – medan havkajakkar har god plass til føtene inne i skroget, har dei mindre flattvasskajakkane, som er bygde for fart, ikkje komfort og stabilitet, svært avgrensa plass, noko som medfører at padlaren ikkje kan sitje i kajakken med utstrekte føter. Den mest vanlege kajakktype er til éin person, men det finst utgåver med både to og fire roarar.

Kajakkar er oftast laga av glasfiber, karbonfiber eller kevlar, men finst også i utgåver laga i tre, ofte dekte av eit lag glasfiber som vert gjord gjennomsiktig under lamineringa. I sjeldne tilfelle er kajakken berre laga av tre. Ein del av dei meir hardføre havkajakkane vert dessutan laga i rein plast.

Opphavleg var ein qajaq ein fangstbåt frå dei arktiske områda i Nord-Amerika og på Grønland. Qajaq tyder «mannebåt» eller «jegerbåt». Tilsvarande fanst det ein «kvinnebåt» som ein kalla umiaq. Baidarka er ein liknande båt for 2–3 personar frå Aleutane i Alaska som fyrst og fremst vart brukt til transport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]