Pingxiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Pingxiang i Jiangxi.

Pingxiang (kinesisk skrift 萍乡, pinyin Píngxiāng) er eit byprefektur som ligg heilt vest i provinsen Jiangxi i Folkerepublikken Kina. Byen har eit areal på 3 827 km² og ca 1 829 200 innbyggarar (2006).

Pingxiang ligg i eit fjellområde på grensa mot provinsen Hunan. Til hovudstaden i Hunan er det vel 150 km, medan det er omtrent dobbelt så langt til Nanchang, provinshovudstaden i Jiangxi. Mesteparten av området rundt byen er kupert og fjellrikt, men sjølve byområdet er relativt flatt. Klimaet er subtropisk, med milde vintrar og lange, varme somrar. Heile året fell det rikeleg med regn. Årleg middeltemperatur er 17 °C.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]